
«Når festen opnar, festivalen opnar blir namnet på ein by i vest fanfare: Til Molde! Klangen dirrar gjennom sprøe netter».
Slik opna forfattaren Edvard Hoem for mange år sidan si helsing til Moldejazz. Festivalen i Molde, verdas eldste jazzfestival i kontinuerleg drift, er sjølve flaggskipet blant festivalane i vårt fylke. Men i løpet av åra har det vakse fram ein enorm underskog av små og store sommararrangement rundt om i kommunane. Det er «dagar», turneringar, festivalar og – ikkje minst – spel.
Spela har mange variantar. Vi har historiske spel, sagaspel, lokalspel, musikkspel, sommarspel, friluftsteater, kyrkjespel og fleire til. Det som kjenneteiknar dei fleste av av desse oppsettingane, er at dei er bygd på eit samarbeid mellom profesjonelle skuespelarar og lokale amatørkrefter. I Atlanterhavsspelet i Bud, som i år har premiere 6. juli, tel rollelista 28 namn. Av desse er berre fire profesjonelle skuespelarar. Bak scenen er eit stort dugnadsapparat, samansett av lokale entusiastar, i sving.
Norsk spelkalender, som ein kan finne på internett, gir ein oversikt over dei spela som skal gå av stabelen i sommar. Det er ei imponerande liste. Ja, ho kan kallast eit monument over mangfald og lokal kreativitet.
Spela, festivalane og alle dei andre arrangementa gir publikum opplevingar, som dei kan leve lenge på, der og da. Vi kan kalle det ei immateriell verdiskaping. I tillegg kjem ringverknadane i form av økonomisk verdiskaping.
Eit godt eksempel på dette er musikkspelet Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy. Sidan 1996 har «Ladyen» utvikla seg til å bli Sunndal si kanskje aller fremste merkevare. I 2019 laga Samfunnsøkonomisk analyse, Kunnskapsverket og Østlandsforskning ein rapport om dei økonomiske effektane av seks kulturaktivitetar i Møre og Romsdal. Her kom det fram at musikkspelet på Sunndalsøra årleg utløyser ringverknadar til ein verdi av 4,6 millionar kroner. Atlanterhavsspelet i Bud er enno berre i starten. I år blir det arrangert kystdagar parallelt med spelet. Det gir eit vinn vinn-konsept, med eit stort framtidspotensial.

Kultur er verdiskaping i ordets vidaste tyding. Sjølv om dette for lengst er solid dokumentert gjennom forsking, er politikarane si evne til å ta realitetane inn over seg nokså varierande. Kultur er framleis ein salderingspost i mange kommunar. Eit grelt eksempel på dette er tidlegare Fræna kommune, som i 2020 hadde ein fantastisk sjanse til å få bygd eit fleirbruks kulturhus i Elnesvågen saman med private investorar. Kommunestyret sa nei. Det var eit historisk feilgrep, som vil ha negative konsekvensar for innbyggarane i det som no er Hustadvika kommune i fleire tiår framover.
Sunndal høyrer til i den andre enden av skalaen. Allereie for meir enn førti år sidan valde politikarane i aluminiumsbygda å satse på kultur. Kommunen tilsette kultursekretær i 1980. I 1992 stod det nye kulturhuset ferdig. Satsinga har verkeleg betalt seg, i form av verdiskaping, attraktivitet, trivsel og bulyst.
Heimkommunen min Surnadal fekk kulturhus i 2002. I tråd med norsk skikk og bruk, måtte dei som dreiv fram prosjektet bane veg gjennom mykje motstand både blant politikarar og på bygda. Det er jo alltid dei som skal rekne om ei kvar kulturinvestering i sjukeheimsplassar og barnehagar. Men motstanden og negativiteten stilna fort, da huset kom i bruk og alle dei positive verknadane kom for ein dag. Kulturhuset på Skei har betydd enormt mykje for Surnadal kommune.
Ordet kultur kjem av latinske colere eller cultura, som betyr «dyrke», «bearbeide» eller «kultivere». Forfattaren av boka «Kulturkraft», Vegard Vanvik, hevdar at kultur er det området der kommunane får mest att for kvar investert krone. WHO kallar kultur for den nye folkemedisinen.
Den store kulturaktiviteten i bygd og by gjer livet rikare for oss alle. Det er ei reseptfri medisinering, som vi alle bør ta imot med opne armar. Ikkje minst no om sommaren er utbodet av ulike kulturuttrykk formidabelt. På denne tida dirrar klangen av fanfarer gjennom sprøe netter, ikkje berre i Molde, men over heile landet.
Da er det veldig dumt å gå og legge seg.
