Det håplause veret – og litt mimring om påska i gamle dagar

Jamnt dukkar det opp minne på Facebook. I dag vart eg møtt av dette bildet av Fossafjellet da eg klikka meg inn på fjesboka. Det er frå 10. april 2016 – andre laurdag etter påske det året. Overskrifta var: «Ein ny fin dag».

I år er denne datoen palmesøndag. Vi har fått ein ny dag, men særleg fin er den ikkje. Det regnar og bles i Bud. Webkameraet på Nesøya viser at det ikkje står noko likare til inne i Trollheimen.

Webkameraet på Nesøya held oss orientert om verforholda på indre strøk.

Av ulike grunnar har vi enno ikkje vore på hytta i 2022. Men i palmehelga skulle det skje, før det tradisjonelle påskeopphaldet – i år frå skjærtorsdag. Så er vi likevel heime. Vermeldingane var så dystre at vi blauta.

Det var nok ei rett avgjerd. Bilde som hytteeigarar har lagt ut på Facebook, viser at meteorologane ikkje bløffar. Det har kome enorme mengder med snø i fjellet. Yr varslar meir. Vi har gått opp liene til Tæla med snø til midt opp på låret før, og hadde vel greidd det igjen. Men som pensjonistar treng vi ikkje å halde på slik. Det kjem andre dagar.

Det har liksom ikkje klaffa heilt med Tæla-påskene dei siste åra. I 2020 sette hytteforbodet ein stoppar for påskefeiring på fjellet. I tillegg slo ryggen seg vrang, så truleg hadde eg uansett vorte tvinga til å halde meg heime. I fjor var Mette nyoperert i kneet, og var ingen skirennar i påska. Eg gjekk opp langfredag med planar om å vere til 2. påskedag. Påskedagen var vermeldingane for kvelden og den komande natta slik at eg fann det tryggast å kome meg ned snarast råd.

Det er så rart med det. Etter som åra sig på, tenker ein annleis enn før. Da eg spurte meg sjølv om ein tilårskomen mann trong å overnatte åleine på ei fjellhytte i bekmørke, storm og tett snøfokk, utan å kunne få hjelp om noko skjedde, svara eg til mi overrasking nei. Og rente ned. For ti år sidan hadde eg nok berre flirt av eit så dumt spørsmål.

Laurdag 10. april 2016 kom Ingebjørg på besøk. Det vart ein fin skitur innover Tæla.

Vi lengtar etter å kome opp på Tæla, og har gledd oss til påske. Men vi gir oss ikkje i kast med snømengdene og veret for ein kvar pris. Den tida er forbi.

Om det da ikkje skulle bli fjellpåske, får vi kose oss som best vi kan heime. Det går godt an. Påska er alltid triveleg. Mette er flink til å passe på at det er forskjell på kvardag og helg her i huset. No er påskepynten komen fram. Det er påskestemning i Robinsonmarka 26.

Så kan ein jo nytte tida til å mimre litt. Som gutunge gledde eg meg alltid til påske. Påske var fem dagar på rad med skitur. Ver og føre var det ingen som brydde seg om. Tæla, skihytta og Strengen var blant dei faste måla. Skihytta var godt besøkt gjennom heile vinteren på denne tida. I påska var det stappfullt av folk. Dei fleste gjekk opp frå Øra, Sætergarden eller Karlhaugen. No har skihytta vore nedstengt i mange, mange år. Dei lange bilkøane frå Øytun og bortover mot Skogstad på fine påskedagar er berre eit fjernt minne.

Tælatur påska 1967. Underteikna og broder Ole Magne på Haukarstokken.

Også på Tæla har påsketrafikken tapt seg kraftig dei siste tiåra. Nokre trufaste sjeler, til gjengjeld av det svært trivelege slaget, fer enno forbi. Men eit terreng utan oppkøyrde trikkeskinner appellerer ikkje til notidas skituristar. Det blir for tungvint.

I oppveksten gjekk vi på ski kvar dag frå snøen kom før jul og til den forsvann i april. Vi hadde ein far som tok oss med på turar til skihytta allereie frå første søndagen i januar, slik at vi klarte diplom for godt oppmøte gjennom sesongen. Dette var reine trimturar. Vi spente på skiene på Karlhaugen, og gjekk for livet i håp om å presse ned den personlege rekorden.

Familien på påsketur ca. 1967. Berre tre vart med på dette bildet.

Faren vår brydde seg lite om niste og skismurning. Det var trimmen og naturopplevinga som gjaldt. Påsketurane var annleis. Heile familien var ofte med. Sekken vart fylt med god niste, og skiene fekk ein langt meir nøye omgang med smurning enn elles. Påske var høgtid heime på Kvennbø. Også skiturane i påska hadde eit langt meir høgtideleg preg enn turane elles i året.

Alle turane i gutedagane, og til no 28 påskehelger i hytta på Tæla, har gitt meg ein rik ballast med påskeminne. Så får vi sjå kva det blir til i år. Når fødselsattesten viser at ein er nærmare 70 enn 60, får ein eit meir avslappa forhold til meste. Det går an å feire påske på Tæla i mai også. Verre er det ikkje med den saka. Snømangel ser det i alle fall ikkje ut til å bli med det første.

Du finn ein bildeserie med påskeminner frå Tæla her.

Ein tanke på “Det håplause veret – og litt mimring om påska i gamle dagar

  1. Høtta er ei anna, plassen ein annan og folka er andre. Men tekst og bileta dreg fram minner om påskefeiring frå eigen barndom og oppvekst, og minna og opplevingane er utruleg like. Takk for turen, Lars Steinar! 🐣🌼😎⛷

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget