Historia om ein leiteaksjon: Plutseleg var telefonen borte…

Det meste var enklare før i tida. Da hadde ingen mobiltelefon. Telefonen var eit høgst stasjonært remedium, gjerne plassert sentralt i huset. Folk hadde ikkje høyrt om verken pinkode eller passord. Likevel er alt så mykje meir lettvint i dag – nettopp takka vere mobiltelefonen. Så lenge du veit kor den er.

Dette er ei lita historie om ein bortkomen telefon og ein vellukka leiteaksjon.

Ein måndagskveld tok eg beslutninga om å kjøpe ny mobiltelefon. Den gamle skranta. Ikkje minst var batterikapasiteten laber, og eg hadde lenge irritert med over dårleg kvalitet på kameraet. Som tenkt så gjort. Eg sette meg i bilen og dro av stad til Elkjøp i Molde.

Telefonen eg ønska meg hadde dei på lager, så handelen gjekk greit. Jenta bak disken var både kompetent og hyggeleg. Men eg kjem aldri til å kjenne ho att. Munnbindet gjekk nesten opp til hårfestet. Slik er det i desse koronatider.

Opprømt over handelen sette eg meg i bilen for å køyre heim. Så såg eg plutseleg at den integrerte telefonen i bilen ikkje fekk kontakt med mobilen. Da får eg vel koble til på nytt, tenkte eg. Men det var ikkje så enkelt, for telefonen – den gamle, altså – var ikkje å finne. Eg leita febrilsk, men måtte innsjå at berre den nye telefonen var i bilen. Den gamle var søkk vekk.

I eit forsøk på å vere konstruktiv gjekk eg frå bilen og tilbake til butikken same veg som eg kom, for å sjå om at eg hadde mista telefonen i asfalten. Men ingen telefon var å sjå. Så kom eg på at eg hadde lagt gammeltelefonen og varene eg kjøpte frå meg på dispenseren da eg sprita hendene ved utgangen. Der måtte den fortsatt ligge.

Men det gjorde den ikkje! I butikken var det heller ingen som hadde sett ein forlatt telefon. Varmen steig under topplokket, og det samme skjedde sikkert med blodtrykket! Temperaturen gjekk nye hakk opp da det plutseleg slo meg at eg hadde to bankkort liggande i telefonhaldaren. Dei måtte sperrast. Kva var no dette nummeret til banken? Det slo meg raskt at utan telefon hadde eg heller ikkje bruk for telefonnummer. For ein tilstand!

Kva så? Jau, eg heiv meg bilen og sette kursen mot Kviltorp, der Jorunn, ei av mine to kjære bonusdøtre, bur. Der ville det vere både hjelp og trøyst å finne. Heilt sikkert. Og det var det – etter kvart i ein grad eg aldri hadde tora å håpe på.

Jorunn fekk ringt til Mette, som igjen ringte banken for å sperre korta. Så kom Jorunn på at det er ein funksjon på mobilen som heiter «Finn iPhone», eller nok i den retning. Ho logga seg inn. Var «Finn iPhone»-funksjonen aktiv på den bortkomne telefonen, kunne det ligge an til eit mirakel. Og mirakelet skjedde. På Jorunn sin skjerm kunne vi sjå min gamle, kjære telefon – i Elkjøp-butikken! Gjekk tjuven rundt i butikken? Vi stirra på den bortkomne sonen, og måtte konstatere at han ikkje rørte seg i det heile tatt. Kunne telefonen verkeleg vere tatt vare på av ei ærleg sjel og plassert i ei hylle eller ein skuff? Ein tjvuradd skulle vel helst ha vore på veg til Kleive, Julsundet eller Vestnes no?

Atter var det å hive seg i bilen – denne gongen med Jorunn som co-detektiv i passasjersetet. Medan eg køyrde, stirra ho på den urørlege telefonen. Optimismen steig, og nådde sitt klimaks da vi kom til Elkjøp. Telefonen låg i kassa! Ein kunde hadde funne den på spritdispenseren og levert den inn!

Det er ubeskriveleg kor letta ein blir i slike situasjoner. Eg takka og bukka, og sveva ut av butikken.

Kanskje ein skulle ha kosta på seg seg å miste telefonen ein gong iblant, berre for å få kjenne på den usigelege gleda som oppstår når leitinga vert krona med hell? Kanskje ikkje, når alt kjem til alt. Det var berre ein tanke. Uansett er moralen: Slå på «Finn IPhone»-funksjonen.

Så kunne denne historia ha halde fram med konsekvensene av å få nye bankkort i denne vår digitale tidsalder. Det får halde med kortversjonen (for eit ordspel!), som er denne: Eg er blant dei som har faste trekk på ein del abonnement av ymse slag, og kortet ligg inne som betalingsinformasjon. Plutseleg begynte e-postane å kome. «Error». «Your payment failed», og liknande.

Det vart ein heil jobb å ordne opp og få lagt inn rett kortnummer. Men no er alt på stell igjen.

Og nytelefonen? Den tikkar og går som smurt – etter at Jorunn kom og gjorde oppsett og installasjon for meg!

2 tankar på “Historia om ein leiteaksjon: Plutseleg var telefonen borte…

Legg att svar til Knut Aksel Thunem Avbryt svar