Naturen sitt eige sakte-TV

Sein sommar på stølen

Sol, meir enn tjue varmegrader og ein austavind som smyg seg over landskapet. Snøen lever farleg på Tæla. Vinteren var standhaftig her oppe i år. Men no er det slutt.

Frå solveggen på verandaen kan vi sjå korleis berrflekkar og rabbar skiftar fasong frå time til time. Det er naturen sitt eige sakte-TV.

Korona, hytteforbod og ein snørik mai sette hyttelivet på vent. Men no er vi her. Endeleg er hyttesesongen på Tæla i gang!

Fossåa har det travelt. Mykje snø skal fraktast ned frå fjellet. Det er eit storarbeid.

Vinteren er ikkje heilt over. Fossåa jobbar hardt.
Juni på Tæla!
Fossåa er stor og stri.
Det blir sommar – til slutt!

Kommenter innlegget