Lite fjell – stor utsikt


Eit fantastisk kystlandskap. Mot Bud, Bjørnsund, Ona og Nordøyane.

Det er ikkje at alltid at utsikten er proporsjonal med talet på høgdemeter. Det kan også vere omvendt. Gulberget i Bud er eit godt døme på dette.

Høgste punktet er ikkje meir enn 160 m.o.h., altså berre drygt ein firedel av høgda til Fintenkjarplassen. Men Gulberget ligg i eit ope landskap, og utsikten er fenomenal.

Næraste nabo er Hustadvika. I nordaust tronar Stemshesten, Sjurvarden og Melen,og i sørvest ligg øyar og holmar tett i tett. Ein ser Bjørnsund, Ona og Nordøyane, som etter kvart skal bli landfaste. Austover er det utsikt mot romsdalsfjell så langt auget rekk.


Mot Hustad og Farstad. Stemshesten og Sjurvarden til høgre.

Gulberget er meir vidstrakt enn det er høgt. Postkassar med bok er plassert på seks små toppar. Eg og Mette var innom fem av dei søndag 11. oktober, og vel nede kunne vi konstatere at marsjen var på over åtte kilometer.


Bok på bok. Mette er den perfekte sekretær.

Ei anbefaling til deg som planlegg ein tur i desse traktene: Ta med fjellsko, sett av ein time og gå opp til den næraste av toppane på Gulberget. Det er ikkje langt og terrenget er lett. Du vil oppleve eit oversyn over landskapet som langt overgår dei inntrykka du får gjennom bilvindauget!

Les meir om korleis du finn vegen her.


Turen er snart slutt: Vi skimtar vegen. Parkeringsplassen er ikkje langt unna.

Kommenter innlegget