I mål med Søyådalsboka


Erling og Torbjørn i intenst korrekturarbeid saman med Åge Fossum på Mediahuset. Det er vanskeleg å få fullrost Åge for arbeidet han har gjort med boka.

Tysdag morgon blir Søyådalsboka sendt til trykkeriet. Ein prosess som har vart i tre år er over.

Denne helga handlar alt om den siste korrekturen. 312 sider skal finkjemmast. Og finkjemmast på nytt. Håpet og målet er å luke ut alle feil. Om vi greier det gjenstår å sjå. Men ein ting er i alle fall sikkert: Det står ikkje på vilje og arbeidsinnsats. Eg er sikker på at det blir bra.

«Søyådalen – utmarkshistorie frå Eidet» er den endelege tittelen på boka. Tittelen indikerar at boka har Søyådalen som utgangspunkt, men at det her også er ein god del stoff som femnar heile Eidet. For øvrig må boka sjåast på som ein oppfølgar til Kvenndalsboka.

Lansering skjer i Bondehuset søndagen under Vårsøghelga. Merk deg ein feil i annonsen. Det er gratis inngang. Berre dei som vil kjøpe lunsj i forkant må betale.


Søyådalsboka på rull. Klart for siste runde med korrektur.

Kommenter innlegget