Eit mål er nådd. Mette tilbake på Tæla! Hyttesesongen på Tæla er alltid fylt med små og store høgdepunkt. I år var det ingenting som toppa 8. juli, da Mette gjennomførte den første hytteturen etter kneoperasjonen. Ho hadde jobba lenge for å nå dette store målet. For ei glede det var, etter ein lang vår … Les meir av Hyttesesongen 2021: Mette klarte det!
Stikkord: Trollheimen
Hausten er meir enn ein fotballkamp
Kva ville vel hausten har vore her i Norge utan cupfinalen? Ikkje uventa var det den legendariske sportskommentatoren Arne Scheie som ein gong stilte dette spørsmålet. For mange fleire enn Scheie er nok ein haust utan cupfinale utenkeleg. Men i år skjer det altså. Cupfinalen 2021 skal ikkje spelast før 1. mai 2022. Til og … Les meir av Hausten er meir enn ein fotballkamp
Den vakraste tida i fjellet
Haust på stølen. Sanneleg går ikkje denne hyttesesongen mot slutten også. Ein månad til, så er vi ferdige for i år i Tælastuå. I alle fall når det gjeld overnattingar. Hytteboka fortel at vi på grunn av ein rekonvalesens i familien fekk ein litt treig start dette året. Men sidan juli har trafikken opp og … Les meir av Den vakraste tida i fjellet
Innedag
Regnet silar ned i Trollheimen. Skodda heng langt nedover fjellsidene. Det har vore innedag på hytta. Heldigvis er eg og Mette av den sorten som ikkje bryr seg så mykje om veret. Så langt under dette opphaldet i Tælastuå har vi hatt tre dagar med brukbart ver og to med regn. Det får vere godkjent. … Les meir av Innedag
Godt å leve for ein einfaldig eremitt
Høgsommar på Tæla. Det første julidøgnet er meir enn 19 timar gammalt når eg skriv dette. Her oppe på Tæla viser gradestokken framleis over 24 grader. Tidlegare i dag registrerte eg 25,4. Det har vore ein sommardag av dei sjeldne. På ein dag som denne blir det ikkje gjort så mykje. Eg rusla ein tur … Les meir av Godt å leve for ein einfaldig eremitt
Vårsøg frå Fossåa
No er det vårsøg i fjellet. Gradestokken viser 24 varmegrader, og Fossåa renn stor og stri gjennom landskapet. Fossåa er Tæla sitt smykke. Sjeldan er ho vakrare enn på dagar som denne, da transporten av vatn frå topp og tind ut mot fjorden er på sitt travlaste. Eg ruslar ein tur langs elva og tek … Les meir av Vårsøg frå Fossåa
Streiftog gjennom vår og vakker natur
Tæla dukkar opp i all si prakt, og skiføret har forsvunne sidan sist vi var der. 9. mai 2004. I eit år der det av ulike årsakar ikkje ser ut til å bli så mange vårskiturar til Tæla, går det an å klikke rundt i gamle bilde og gle seg over gode minne. Tæla er … Les meir av Streiftog gjennom vår og vakker natur
I svarte oktoberkvelden
Vinterleg oktober på Tæla. 6-7 centimeter med snø. 2,9 grader ute og 1,1 inne. Slik møtte Tæla meg i dag. Her oppe har vi ikkje «ring hytta varm». Og ikkje saknar eg slike avanserte installasjonar heller. For ingenting er betre enn å kome fram til Tæla i skyminga etter ein god marsj opp liene, fylle … Les meir av I svarte oktoberkvelden
Kan ei kvige partere ein divan?
Ein fin dag, sjøl om opphaldet på hytta ikkje starta heilt som eg hadde venta. Spørsmålet kom kanskje litt bardus på deg, kjære lesar. Uansett: Svaret er ja. Det har seg slik at vi dei siste åra har hatt ein gammal divan liggande under hytteverandaen. Den skulle ha vore brent for lenge sidan. Men du … Les meir av Kan ei kvige partere ein divan?
Sydenturen vart til ei veke på fjellet
Hyttekos på ein regnfull dag. Om fire dagar skulle vi ha vore på flyet til Kreta. Slik blir det ikkje. Koronaviruset har tatt kommandoen over liva våre. Så i staden sit vi no i hytta på Tæla. Her skal vi vere i åtte dagar. Det er vemodig å ikkje få treffe gode vener - både … Les meir av Sydenturen vart til ei veke på fjellet