27. september 2021. Endeleg framme. «Guttetur. Kun ein påmeldt» står det under dette bildet på Facebook. Det dukka opp som eit minne, og fortel at eg 27. sepember i fjor var på Tæla-tur heilt for meg sjølv. I sju – åtte år har eg visst at hjartet på eit eller anna tidspunkt måtte få ei … Les meir av Den store reparasjonen er unnagjort – no ser vi framover
Stikkord: Tæla
Ein avlyst hyttesesong – og andre tankesprang frå reservebenken
Det var det herrens året nittensekstifemDet var så bratt at det var vondt å spise speileggOg juleposten den kom aldri fremFør nyttårsaften nittensekstifem I den elleville songen «Det året det var så bratt» frå 1971, har Øystein Sunde dikta opp eit år da bakkane var særs bratte. Om dei siste åra har vore like utfordrande … Les meir av Ein avlyst hyttesesong – og andre tankesprang frå reservebenken
Takk til gode hjelparar: Omtanke gjer livet lettare
Før og etter. Foto: Ole Sæterbø. «Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad», heiter eit kjent ordtak. Så kan vi legge til: Ein blir glad av å motta god hjelp, også. Det går liksom to vegar dette. Eg fekk lyst til å gje verbal ros til nokre personar, som i … Les meir av Takk til gode hjelparar: Omtanke gjer livet lettare
Hyttesesongen 2021: Mette klarte det!
Eit mål er nådd. Mette tilbake på Tæla! Hyttesesongen på Tæla er alltid fylt med små og store høgdepunkt. I år var det ingenting som toppa 8. juli, da Mette gjennomførte den første hytteturen etter kneoperasjonen. Ho hadde jobba lenge for å nå dette store målet. For ei glede det var, etter ein lang vår … Les meir av Hyttesesongen 2021: Mette klarte det!
Hausten er meir enn ein fotballkamp
Kva ville vel hausten har vore her i Norge utan cupfinalen? Ikkje uventa var det den legendariske sportskommentatoren Arne Scheie som ein gong stilte dette spørsmålet. For mange fleire enn Scheie er nok ein haust utan cupfinale utenkeleg. Men i år skjer det altså. Cupfinalen 2021 skal ikkje spelast før 1. mai 2022. Til og … Les meir av Hausten er meir enn ein fotballkamp
Den vakraste tida i fjellet
Haust på stølen. Sanneleg går ikkje denne hyttesesongen mot slutten også. Ein månad til, så er vi ferdige for i år i Tælastuå. I alle fall når det gjeld overnattingar. Hytteboka fortel at vi på grunn av ein rekonvalesens i familien fekk ein litt treig start dette året. Men sidan juli har trafikken opp og … Les meir av Den vakraste tida i fjellet
Innedag
Regnet silar ned i Trollheimen. Skodda heng langt nedover fjellsidene. Det har vore innedag på hytta. Heldigvis er eg og Mette av den sorten som ikkje bryr seg så mykje om veret. Så langt under dette opphaldet i Tælastuå har vi hatt tre dagar med brukbart ver og to med regn. Det får vere godkjent. … Les meir av Innedag
Vårsøg frå Fossåa
No er det vårsøg i fjellet. Gradestokken viser 24 varmegrader, og Fossåa renn stor og stri gjennom landskapet. Fossåa er Tæla sitt smykke. Sjeldan er ho vakrare enn på dagar som denne, da transporten av vatn frå topp og tind ut mot fjorden er på sitt travlaste. Eg ruslar ein tur langs elva og tek … Les meir av Vårsøg frå Fossåa
Kvite vidder i april
Kalenderen viser 29. april. På Tæla er det framleis ein meter med snø. Det er fantastiske forhold for den som vil gå på ski. Men ikkje vent. Når varmegradane melder seg for fullt, kjem føret brått til å forandre seg. Eg vakna til seks kuldegrader i dag. Ikkje vårtemperatur, kan ein vel trygt seie. Men … Les meir av Kvite vidder i april
Streiftog gjennom vår og vakker natur
Tæla dukkar opp i all si prakt, og skiføret har forsvunne sidan sist vi var der. 9. mai 2004. I eit år der det av ulike årsakar ikkje ser ut til å bli så mange vårskiturar til Tæla, går det an å klikke rundt i gamle bilde og gle seg over gode minne. Tæla er … Les meir av Streiftog gjennom vår og vakker natur