«Og da e det stora, og da e det glupa, at Merkje det staor um bæraren stupa.»
Stikkord: Surnadal
Eit nokså internt nyttårsintervju om laust og fast
Høfleg som eg alltid er, greide eg ikkje å stå imot invitasjonen til eit nyttårsintervju med meg sjølv i år heller. Å stille til intervju kan vere ei risikabel øving. Journalistar på si evige jakt etter klikk er jo ikkje alltid å lite på.
Døropninga vart løysinga
Det er fint ver ute til å vere inne i på Tæla i dag. Om det regnar? Nei, ikkje akkurat det.
Patriotar trør til med millionar for hotellet og bygda
Da eg klikka meg inn på nettsida til Tidens Krav i dag vart eg møtt av ei skikkeleg gladnyheit. Der kunne eg lese at eigarane av hotellet i Surnadal trør til og vil investere 40-50 millionar for å skape eit hotell for framtida.
Tilbake til start – ringen er slutta
Berre få dagar etter at eg hadde starta i jobben som journalist i Romsdalsposten i juni 1977, fekk eg i oppdrag å dekke eit kommunestyremøte i heimkommunen Surnadal.
Ingenting er enklare enn å sitte på utsida og slenge med leppa
Lokalpolitikarane våre har frivillig stilt seg til disposisjon, og må vere førebudd på alle dei utfordringar som følger med det å vere folkevalt. Det trur eg da også at alle som sit i kommunestyra rundt om i Norge er innstilt på.
Åtte månader med hytteliv i ord og bilde
Nesten på dagen åtte månader gjekk det frå første turen til Tælastuå i år, før sesongen vart avslutta. Gunnar Nordvik køyrde opp varer med skuter den 9. mars. 8. november sa eg farvel til Tæla for i år.
Den siste turen i år
Ein kan jo aldri vite korleis vergudane ter seg i vekene fram mot jul. Men ut frå erfaring veit at dagsturen til Tælastuå 8. november nokså trygt kan kallast den siste hytteturen i år.
Historielaust angrep på identiteten til Vårsøgbygda
Kommunedirektøren i Surnadal ville gjere kommunen til ein rein bokmålskommune, i alle fall innafor skuleverket. Men saksutgreiinga heldt ikkje mål.
Den siste kvelden i april
30. april kan brukast til så mangt. Vårkvelden på Tæla ga meg inspirasjon til litt tankespinn, som igjen resulterte i eit spontant og ikkje altfor langt blogginnlegg. I ungdomstida vart det gjerne ein fest om kvelden på denne datoen. Ikkje anna enn eg hugsar, var det tradisjon med dansefest i Myrvang 30. april. Det var … Les meir av Den siste kvelden i april