Jubilanten føyer seg inn i ei ærverdig rekke av norske skøytekongar. For meg er han den største. Eg er for ung til at eg kunne få med meg storheitstida til Hjallis, og akkurat gammel nok til at Kupper’n vart ein barndomshelt.
Stikkord: Skøyter
OL i Kina er over – no er det på tide med ein ekte vinteridrettsfest
Cortina d'Ampezzo. Postkortet vart kjøpt for 35 år sidan. Etter tre OL på stader som ikkje har noko med vinteridrett gjere, kan vi begynne å gle oss til OL i Cortina d'Ampezzo og Milano i 2026. Den italienske alpebyen Cortina d'Ampezzo, som også arrangerte vinter-OL i 1956, er rik på vintersportstradisjonar. Det ligg an til … Les meir av OL i Kina er over – no er det på tide med ein ekte vinteridrettsfest
Sportsrevy 1955 – ei bok for livet
Eit klenodium å ha i bokhylla. Eg har lese nokre tusen bøker opp gjennom åra. Ei av dei første eg fatta interesse for, og som vart studert frå perm til perm eit utal gongar, var Sportsrevy 1955. Den stod i bokhylla heime, innkjøpt av vår sportsinteresserte far. Eg lærte meg å lese tidleg, og begynte … Les meir av Sportsrevy 1955 – ei bok for livet