«Om Trump held fram som han seier, får vi etter kvart ein debatt som er viktigare enn strømprisdebatten». Det skreiv ein klok ven av meg på si Facebook-side den 2. februar. Snart tre veker seinare kan vi slå fast at analysen var rett.
Stikkord: Putin
Ny sjanger på Fintenkjarplassen: Nyttårsintervju med ein deltakar
Dette blogginnlegget er ei slags privat oppsummering ved årsskiftet, skrive som eit nyttårsintervju med meg sjølv. Nyttårsintervju med ein deltakar er truleg ikkje så vanleg. Men for ein gammal bladfyk er det godt å for ein gongs skuld vere herre over både spørsmål og svar.
Når hatet blir vanskeleg å styre
Krigen i Ukraina har rasa i meir enn to år. Sidan Hamas sitt angrep mot Israel i fjor haust, har Israel snart bomba Gaza sønder og saman.
Jubileum for Fintenkjarplassen: 300 innlegg på ni år
Fintenkjarplassen har eksistert i ni år, og 300 innlegg er publisert. Det er utgangspunktet for dette 301. blogginnlegget i rekka.
Den dagen vi sluttar å bry oss, banar det veg for karar som Putin, Trump og andre galningar
Sidan 1977 har eg dekt alle stortings- og lokalvala fram til i dag, dei to siste som pensjonist. Bakteppet for kommune- og fylkestingsvalet i år er spesielt.
2022: Utfordringar, oppturar og ei ustabil verd
Det er tid for å gjere opp status for 2022. Vi i Robinsonmarka 26 lever eit stabilt og enkelt liv. Sjølv om konklusjonen er at vi har det godt på alle vis, baud fjoråret også på sine utfordringar.