Det er fem år sidan eg som redaktør gjekk ut ut døra i Aura Avis for siste gong. Åra går fort. Kanskje har det noko å gjere med at pensjonistlivet så langt ikkje har gjeve meg ein einaste kjedeleg dag.
Stikkord: Pensjonistliv
OL-fest og ein pensjonist sine samtalar med hjernen
To skjermar her. Den tredje var opptatt med fotografering av dei to andre. Pensjonistlivet er ei praktisk ordning. Ikkje minst når det er OL. Spesielt vinter-OL har alltid interessert meg. På travle arbeidsdagar opp gjennom åra har det ikkje vore så enkelt å få med seg alt. No er den tida over. Eller rettare sagt: … Les meir av OL-fest og ein pensjonist sine samtalar med hjernen
Aldri fred å få for viruset
Nyheitsbildet 18. november. Dagane kan vere tungsame for tida. Sjølv for den som i utgangspunktet har lite å klage over her i livet, som underteikna, går det an å kjenne at denne pandemien syg energi og livsglede ut av kroppen. Viruset slo til for alvor i mars her til lands. Lite visste vi dei første … Les meir av Aldri fred å få for viruset
Så tek livet ei ny retning…
Tæla er ein viktig del av draumen om eit godt pensjonistliv. Eg skal bli pensjonist. Det er rart å skrive setninga. Men no er avgjerda tatt. Eit 43 år langt kappløp med klokka nærmar seg slutten. Etter at eg fylte 62 år for eit par år sidan, har eg visst at eg kunne pensjonere meg … Les meir av Så tek livet ei ny retning…