Kyststien, med Bjørnsund i horisonten. Eg går ut i vårmorgonen for å få litt mosjon og frisk luft. Det er ein høgst vanleg onsdag. Skjønt, vanleg. Kva er ein vanleg dag for oss som bur her på svaberga heilt ut mot Hustadvika? Etter tre år som buaværing, har eg lært meg at her finst det … Les meir av Kyststien: Havet, himmelen, lyset og vinden
Stikkord: Natur
I svarte oktoberkvelden
Vinterleg oktober på Tæla. 6-7 centimeter med snø. 2,9 grader ute og 1,1 inne. Slik møtte Tæla meg i dag. Her oppe har vi ikkje «ring hytta varm». Og ikkje saknar eg slike avanserte installasjonar heller. For ingenting er betre enn å kome fram til Tæla i skyminga etter ein god marsj opp liene, fylle … Les meir av I svarte oktoberkvelden
Kan ei kvige partere ein divan?
Ein fin dag, sjøl om opphaldet på hytta ikkje starta heilt som eg hadde venta. Spørsmålet kom kanskje litt bardus på deg, kjære lesar. Uansett: Svaret er ja. Det har seg slik at vi dei siste åra har hatt ein gammal divan liggande under hytteverandaen. Den skulle ha vore brent for lenge sidan. Men du … Les meir av Kan ei kvige partere ein divan?
Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Vått og grått. Eg har montert meg i døropninga på hytta. Utanfor silar regnet ned, akkompagnert av ein torsmell i ny og ne. Før regnet kom fekk eg saga ned nokre vedstrangar. Dermed kan eg sitte her og filosofere med relativt godt samvit. Julidag i fjellet. Aleinedag. Ferien nærmar seg slutten. I tre døgn har … Les meir av Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Myrullår i emning
Mange stader var 2016 eit myrullår utanom det vanlege. Det er mykje kvitt å sjå i år også, i alle fall her ute ved Hustadvika. På rabbar og myrer lyser det skinande kvitt. Myrulla er ei beskjeden plante. Ho har ikkje så mykje prakt å briske seg med. Men når myrulla løftar i flokk, blir … Les meir av Myrullår i emning
Tankar i ei rar tid – og ein dose med gratis koronamedisin
Det er stille søndag i ei rar tid. Så å seie over natta måtte vi innsjå at den trygge og vante kvardagen gjekk over i noko som ingen nordmenn i nyare tid har opplevd. Plutseleg vart det einaste sikre at alt er usikkert. For eigen del kan eg konstatere at turen til Vikersund denne helga … Les meir av Tankar i ei rar tid – og ein dose med gratis koronamedisin
Ein landkrabbe i havgapet
Bud med sin ustyrlege nabo Hustadvika. Eit vakkert stykke Norge. Eg kan ingenting om havet. Like fullt bur eg ved havet. Hustadvika er det første eg ser når eg kjem ut av soverommet om morgonen, og det siste eg skimtar før mørket tek dagen frå meg. Livet er ein luring. Eg, ein landkrabbe som ein … Les meir av Ein landkrabbe i havgapet
Ein dag i eige selskap
Haust på Tæla. Mørket har lagt seg som eit mjukt teppe over Tæla. Med unntak av eit triveleg besøk av kompis og hyttenabo Bjarne i kveldinga, har eg hatt landskapet for meg sjølv i heile dag. Det kviler ein haustleg harmoni over tæl og tind. Ein ro som andre årstider ikkje kan by på. Naturen … Les meir av Ein dag i eige selskap
Ein liten innsats for kulturlandskapet
Vil det vere mogleg å gå over Tæla sommars tid om femti år? Eller har attgroinga gjort det som i dag er eit ope landskap til ein uframkommeleg jungel av kratt og småskog? Når eg vandrar i terrenget her oppe, hender det at slike spørsmål dett ned i hovudet. Den som lever får sjå. Men … Les meir av Ein liten innsats for kulturlandskapet
Den finaste fjorden
Hamna på Bølandet - sett frå Settemsøran. Dette var heimen til Kjell Bøe, ein av dei store heltane mine frå det legendariske fotballaget på 60-talet. Bøfjorden er den finaste fjorden på Nordmøre. Ja, han er blant dei vakraste i heile fylket vårt. Eg meiner å kunne uttale meg med ein viss pondus og autoritet. Få … Les meir av Den finaste fjorden