Det er skrive fleire bøker, både på norsk og andre språk, om hundre ting vi absolutt må gjere før vi går ut av tida. Eg kjenner meg nokså trygg på at det å køyre til Brattvåg på fotballkamp ein bister oktobersøndag, ikkje er nemnt i ei einaste av desse bøkene.