50 km langrenn for kvinner bør ikkje bli noko meir en ei kort historie. Eg kan seie det utan å bli skulda for å vere mannssjåvinistisk. Heidi Weng og fleire andre løparar ga uttrykk for det same etter OL-femmila i Val di Fiemme.
Stikkord: Langrenn
Langrenns-NM utan status – stjernene må kome seg på jobb
Eg registrerer at NRK1 sender frå langrenns-NM i Steinkjer. Dessverre har norgesmeisterskapet ikkje lenger nokon status. Det har vorte eit B-løp. Anten blir dei beste løparane tilfeldigvis sjuke når NM nærmar seg, eller så skal dei lade opp til oppgåver som er viktigare.
Herrelangrenn på sotteseng
Eg har ei ekkel kjensle av at forholdet mellom meg og langrennssporten syng på siste verset. I alle fall når det gjeld herrelangrenn.
Fotballsko og kortunderbukse
Litt mimring om ei tid da kjøp av nye fotballsko og overgang til kortunderbukse var to vårlege høgdepunkt.
Rakk å bli historisk før glasfiberen erobra Norge
50 år har gått sidan Magne Myrmo vart den siste verdsmeisteren på treski. 1974 skulle likevel bli det året da glasfiberskia slo igjennom for alvor. Norge stod som vanleg med begge beina trygt planta i bakstreveriet, og var ikkje førebudd i det heile tatt.
Fortent pris til Therese: Gjer klart for hets og snusfornuft
Skjermdump frå dagbladet.no. Therese Johaug får Egebergs Ærespris. Det er så rett. Og så fortent. Forståsegpåarane har forlengst krope ut av hi og huler med moralismen sin, med påstandar om at Johaug ikkje skulle ha vore tildelt prisen. Ho er jo tatt for doping. For juks. – Jeg mener de burde spart seg, er kommentaren … Les meir av Fortent pris til Therese: Gjer klart for hets og snusfornuft