Haust på stølen. Sanneleg går ikkje denne hyttesesongen mot slutten også. Ein månad til, så er vi ferdige for i år i Tælastuå. I alle fall når det gjeld overnattingar. Hytteboka fortel at vi på grunn av ein rekonvalesens i familien fekk ein litt treig start dette året. Men sidan juli har trafikken opp og … Les meir av Den vakraste tida i fjellet
Stikkord: Hytteliv
Innedag
Regnet silar ned i Trollheimen. Skodda heng langt nedover fjellsidene. Det har vore innedag på hytta. Heldigvis er eg og Mette av den sorten som ikkje bryr seg så mykje om veret. Så langt under dette opphaldet i Tælastuå har vi hatt tre dagar med brukbart ver og to med regn. Det får vere godkjent. … Les meir av Innedag
Godt å leve for ein einfaldig eremitt
Høgsommar på Tæla. Det første julidøgnet er meir enn 19 timar gammalt når eg skriv dette. Her oppe på Tæla viser gradestokken framleis over 24 grader. Tidlegare i dag registrerte eg 25,4. Det har vore ein sommardag av dei sjeldne. På ein dag som denne blir det ikkje gjort så mykje. Eg rusla ein tur … Les meir av Godt å leve for ein einfaldig eremitt
Vårsøg frå Fossåa
No er det vårsøg i fjellet. Gradestokken viser 24 varmegrader, og Fossåa renn stor og stri gjennom landskapet. Fossåa er Tæla sitt smykke. Sjeldan er ho vakrare enn på dagar som denne, da transporten av vatn frå topp og tind ut mot fjorden er på sitt travlaste. Eg ruslar ein tur langs elva og tek … Les meir av Vårsøg frå Fossåa
Kvite vidder i april
Kalenderen viser 29. april. På Tæla er det framleis ein meter med snø. Det er fantastiske forhold for den som vil gå på ski. Men ikkje vent. Når varmegradane melder seg for fullt, kjem føret brått til å forandre seg. Eg vakna til seks kuldegrader i dag. Ikkje vårtemperatur, kan ein vel trygt seie. Men … Les meir av Kvite vidder i april
I svarte oktoberkvelden
Vinterleg oktober på Tæla. 6-7 centimeter med snø. 2,9 grader ute og 1,1 inne. Slik møtte Tæla meg i dag. Her oppe har vi ikkje «ring hytta varm». Og ikkje saknar eg slike avanserte installasjonar heller. For ingenting er betre enn å kome fram til Tæla i skyminga etter ein god marsj opp liene, fylle … Les meir av I svarte oktoberkvelden
Kan ei kvige partere ein divan?
Ein fin dag, sjøl om opphaldet på hytta ikkje starta heilt som eg hadde venta. Spørsmålet kom kanskje litt bardus på deg, kjære lesar. Uansett: Svaret er ja. Det har seg slik at vi dei siste åra har hatt ein gammal divan liggande under hytteverandaen. Den skulle ha vore brent for lenge sidan. Men du … Les meir av Kan ei kvige partere ein divan?
Luksus i julikvelden
Livet smiler framleis til eremitten i Tælastuå. Klokka er over ti, og eg feirar Bodø/Glimt sitt poengtap mot Stabæk med ein utsøkt skvett Kveik IPA. Ikkje det at eg ønskjer dette sympatiske laget frå nord noko vondt. Tvert om. Men det finst grenser for alt. Dei må gjerne ta sølv - bak Molde. Det vart … Les meir av Luksus i julikvelden
Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Vått og grått. Eg har montert meg i døropninga på hytta. Utanfor silar regnet ned, akkompagnert av ein torsmell i ny og ne. Før regnet kom fekk eg saga ned nokre vedstrangar. Dermed kan eg sitte her og filosofere med relativt godt samvit. Julidag i fjellet. Aleinedag. Ferien nærmar seg slutten. I tre døgn har … Les meir av Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Alt blir bra igjen
Mailaurdag på Tæla. Sju månader har gått sidan eg sist overnatta i Tælastuå. Det er ein rekord eg gjerne skulle ha vore forutan. Men slik vart det i år. Korona, hytteforbod og så veke etter veke med umulege ver- og føreforhold tok heile første del av hyttesesongen. No har eg og Mette bestemt oss for … Les meir av Alt blir bra igjen