Påska nærmar seg også. Ein aldrande mann førebur seg mentalt på bering av proviant til hytta i år. Skal det bli skutertransport no, må det kome eit veromslag som ingen har sett maken til.
Stikkord: Hytteliv
Ny sjanger på Fintenkjarplassen: Nyttårsintervju med ein deltakar
Dette blogginnlegget er ei slags privat oppsummering ved årsskiftet, skrive som eit nyttårsintervju med meg sjølv. Nyttårsintervju med ein deltakar er truleg ikkje så vanleg. Men for ein gammal bladfyk er det godt å for ein gongs skuld vere herre over både spørsmål og svar.
Den siste turen i år
Ein kan jo aldri vite korleis vergudane ter seg i vekene fram mot jul. Men ut frå erfaring veit at dagsturen til Tælastuå 8. november nokså trygt kan kallast den siste hytteturen i år.
Skåpet etter Tønnes
Alt det vi har frakta opp til Tælastuå, enten det er ved hjelp av kroppsleg makt eller med helikopter og skuter, ber på si eiga historie.
På veg mot jungelen
Gamle kulturlandskap gror att. Frå hytta kan vi med eigne augo sjå korleis den opne Kvennbøtæla sakte, men veldig sikkert, endrar karakter. I enden av nok ein hyttesesong kan eg konstatere at attgroinga i fjellet held fram med å auke farten nokre hakk kvart år.
Piet Hein har heilt rett
Hvis du gleder deg ved mangt, gjør du livet rikt og langt. Orda til høyrer danske Piet Hein, som blant mangt anna også var lyrikar og livskunstnar.
Sein søndag – tidleg haust
Sjølv om storparten av den tredje sommarmånaden står att, er teikna på at hausten nærmar seg allereie tydelege oppe på Tæla. Gulskjæret i bjørkeskogen er ikkje til å ta feil av.
Eremitt i skodda
Den siste laurdagen i juli. Kva eg har gjort? Ingenting.
«Menneskets sterkeste egenskap er evig å håpe»
Såg vi ikkje eit par lysglimt her nyleg? På nyheitene kom det meldingar om at Russland og Ukraina er nærare samtalar enn nokon gong. Same dag fekk vi høyre om ei fersk meiningsmåling, der Kamala Harris hadde gått forbi Donald Trump.
Ein fri mann – men det er ikkje alltid så enkelt
Vi er tilbake i kvardagen, etter ei flott langhelg på hytta. I tankane spolar eg til måndag ettermiddag denne veka. Vi sit i solskinet på hytteverandaen.