Nokså nøyaktig 33 år har gått sidan vi tok over Tælastuå. Eg sit i skyminga og ser i gamle hyttebøker. Det vart litt av ei reise.
Stikkord: Haust
Julehefte, rakfisk og absurd teater
Det går på haustlege gjeremål for tida. Redigeringa av Jul på Nordmøre er unnagjort. I helga skal eg legge siste hand på årsskriftet til Stangvik historielag, slik at Åge på Mediahuset får starte det grafiske arbeidet.
Hurtigruta, hausten og formuesskatten
Hurtigruta glir forbi. Ho har sin eigen syklus. To gongar i døgnet kan vi i Bud sjå desse staselege skipa, som har trafikkert langs kysten vår sidan 1893.
Haustlege tankesprang frå Middelhavet til Trollheimen
Nokre tankar ved inngangen til hausten. Ein blogg om alt frå ferieliv på Kreta, til litteratur og mørke kveldar i Tælastuå.
Ein vemodig seremoni
Så er Tælastuå klar til å ta imot vinteren. Det vart ein dagstur så snarast, der eg gjennomførte det faste ritualet som må til når vi ikkje skal sjå att hytta på fleire månader.
Den nest siste turen i år
Haustkvelden legg seg mildt over Tæla. Eg er på dag 2 i det som nok er nest siste turen i år.
November: Det er betre å tenne eit lys, enn å forbanne mørket
Likar du våren, samtidig som du opplever hausten som håplaus og dyster? Da er du i tilfelle på parti med mange. Vi som har ei omvendt oppfatning, er meir som ei utgruppe. Vi tør nesten ikkje å seie det høgt. Men det får stå sin prøve: Eg høyrer med blant dei som kosar meg med … Les meir av November: Det er betre å tenne eit lys, enn å forbanne mørket
Hausten er meir enn ein fotballkamp
Kva ville vel hausten har vore her i Norge utan cupfinalen? Ikkje uventa var det den legendariske sportskommentatoren Arne Scheie som ein gong stilte dette spørsmålet. For mange fleire enn Scheie er nok ein haust utan cupfinale utenkeleg. Men i år skjer det altså. Cupfinalen 2021 skal ikkje spelast før 1. mai 2022. Til og … Les meir av Hausten er meir enn ein fotballkamp
Aldri fred å få for viruset
Nyheitsbildet 18. november. Dagane kan vere tungsame for tida. Sjølv for den som i utgangspunktet har lite å klage over her i livet, som underteikna, går det an å kjenne at denne pandemien syg energi og livsglede ut av kroppen. Viruset slo til for alvor i mars her til lands. Lite visste vi dei første … Les meir av Aldri fred å få for viruset