Som i dei fleste bransjar, byr livet i ein liten lokalavisredaksjon stort sett på kvardagar. Men så kjem desse velsigna unntaka, som ein lever lenge på. Eit slikt unntak var måndag 25. april - den store supermåndagen, med mange folkeavsrøystingar om kommunereforma. Aura Avis har brukt store ressursar på å skrive om reforma dei siste to åra. Å … Les meir av Når alt klaffar
Søndagstur i havgapet
Prima turfølgje: Jorunn og Mette. I bakgrunnen litt av gassanlegget på Nyhamna. Det er triveleg og lærerikt å sjå seg rundt. Også i nærmiljløet. Eg og Mette trivst godt med kortreiste turopplevingar. Sist søndag utforska vi Aukra saman med Jorunn. Det året eg jobba i dåverande TVRomsdal, i 1996, farta eg mykje rundt i Aukra. … Les meir av Søndagstur i havgapet
Alltid til å lite på
Sultoppane, Gråfjellet og Bollknubben er stødige naboar. Påska 2016. Eg anar ikkje kor mange gongar eg har fotografert Sula og Bollknubben frå hytta. Truleg dreier det seg om tusenvis av eksponeringar. Blir du ikkje lei av dette motivet, kan dei som er saman med meg spørje. Svaret er nei. Eit tilleggssvar er dessutan: Motivet … Les meir av Alltid til å lite på
Kortreist jugendoppleving
Hotel Brosundet. Atmosfære og trivsel. Ålesund er ein av dei finaste byane i landet. Og definitivt blant dei trivelegaste. Eg og Mette har gjort det til ein liten tradisjon å ta ein årleg weekend i jugendbyen. Programmet er enkelt: Vi bur godt, og kostar på oss litt ekstra når det gjeld mat og drikke. Så er det handel, … Les meir av Kortreist jugendoppleving
På gammeldags vis
Kvennbøtæla i sin finaste påskeskrud. Eg er ein ivrig brukar av fjellet. Kvar årstid har sin sjarm og sitt særpreg. Men påskehelga er det noko heilt spesielt med. Påska er så mykje samla i eitt: Høgtid, tradisjon, ferie og naturoppleving. I sum vert dette balsam for kropp og sinn. I desse dagar strøymer tusenvis at nordmenn … Les meir av På gammeldags vis
Vegvisaren er borte
Ein gnist. Det var det vesle som skulle til. Nokre takter av Tarkus. Eller kanskje var det Promenade. Eg hugsar ikkje heilt. Det er så lenge sidan. Men Keith Emerson sine tangentar skapte ein eld. Eg har kjent varmen i 45 år. Fredag 11. mars 2016 døydde mannen som viste meg vegen inn i musikken. … Les meir av Vegvisaren er borte
Burgeren tok kaka
Stor stemning i Holmenkollen. I helga var eg så heldig å få oppleve eit par dagar med VM i skiskyting i Holmenkollen. Å sjå rennet "live" er heilt annleis enn å sitte framfor TV-apparatet. På stadion er det rett nok ikkje berre lett å halde seg fullt orientert om utviklinga i konkurransen - der er TV-sendinga uslåeleg. … Les meir av Burgeren tok kaka
Ikkje vennelaus
Eg er 22 timar inne i mitt 61. år. Er det ikkje verre enn dette å kome opp i 60-åra, har eg god tru på at det skal gå bra. Så langt har livet som gammelkar handla om kaffelag, fine gåver og ein straum av trivelege gratulasjonar på Facebook. Sist eg sjekka var talet på helsingar … Les meir av Ikkje vennelaus
Ei stadig aktuell bok, dessverre
I min kommentarspalte i Aura Avis drodlet jeg sist lørdag litt rundt fenomenet tid. Om kampen mellom den korte og den langsomme tiden. Siden det er skuddårsdag, kan epistelen passe her på Fintenkjarplassen: For femten år siden ga Thomas Hylland Eriksen ut boka «Øyeblikkets tyranni». Den har beklageligvis ikke gått ut på dato. Tvert imot, Hylland Eriksens … Les meir av Ei stadig aktuell bok, dessverre
VM-jubileum
I dag, 17. februar, er det på dagen femti år sidan ski-VM i Oslo i 1966 starta. Eg var berre ti år den gongen, men hugsar det meste som om det var i går. Framleis kan eg ramse opp dei fleste medaljevinnarane, i alle fall på herresida, utan å bruke oppslagsverk. Sportsinteressa hadde for lengst festa … Les meir av VM-jubileum