Medan et satt nede ved Fossåa steig det opp ein regnboge bak meg. Sist veke passa det slik at eg fekk nokre dagar for meg sjølv oppe på Tæla. Min beste halvdel hadde ærend på anna hald. "Eg skjønar ikkje korleis du greier å vere åleine inne på fjellet. Eg hadde ikkje orka så mykje som ein … Les meir av Fine dagar som eremitt
Ikkje til å forstå
Hårstadnebba ragar 1.644 meter over havet. Det er umuleg å forstå alt. Eg er ein av dei som slit med å skjøne kvifor folk driv med basehopping. Sist veke gjekk det gale igjen i Hårstadnebba. To hopparar kasta seg utfor det ville fjellet. Berre ein kom levande ned. Han som etter alt å døme er … Les meir av Ikkje til å forstå
Kortreist ferieglede
Austrått er vel verdt eit besøk. Også i år dro vi ut på ein ferietur av det kortreiste slaget. Utforsking av Fosenhalvøya vart prosjektet denne sommaren, og vi er glade for det valet. Så mykje fint å sjå - berre ein sett ned farten og brukar augo! Vi overnatta på Brekstad og i Åfjord. Spesielt fascinert … Les meir av Kortreist ferieglede
Krone-Is og «kronas-is»
Ein gong i tida kosta ein Krone-Is ei krone. Og alle trudde, heilt feilaktig, at prisen hadde samanheng med namnet. Difor vart det sagt "kronas-is". Kanskje ikkje så rart heller. For faktisk kosta ein Krone-Is ei krone i heile 16 år - frå 1954 til 1970. Da det vart bestemt at 20 prosent meirverdiavgift skulle … Les meir av Krone-Is og «kronas-is»
Sommar med og utan tålmod
Da vi forlet Tæla sist søndag, låg ho grøn og fin og sa "velkomne tilbake". Ja, vi kjem tilbake. No er det ferie, og eit stykke ut i neste veke ber det opp igjen til eit lengre opphald. Eg og Mette ser fram til det. Ferieveka på Tæla er eit av høgdepunkta i året. Litt … Les meir av Sommar med og utan tålmod
Tale på Leikvinstemnet 19. juni 2016
Gratulerer med dagen alle saman. Det er ei ære å få stå her, og bidra til å vidareføre den lange og solide tradisjonen som Leikvinstemnet er. Mange har før meg stått på denne talarstolen og sagt mykje vettugt. Og enda fleire har ofra seg og lagt ned ein stor innsats for at det kvart år … Les meir av Tale på Leikvinstemnet 19. juni 2016
De søng så tongt…
Travle tider for Fossåa... I helga gjorde eg første fotturen for året til Tæla. Det går mot sommar. Men sjølv om kalenderen viser juni, er det framleis vår i fjellet. Snøen har minka mykje dei siste par vekene, men det er rikeleg att. Fossåa hadde det travelt no i helga. Mykje snøvatn skal fraktast ned liene og … Les meir av De søng så tongt…
Tid for å takke
Foto: Lars Gudmund Røen. Ut på seinsommaren 2007 vart det første frøet til Kvenndalsboka sådd. Ni år og 500 sider med lokalhistorie seinare fekk eg, Torbjørn og Erling Kleivaprisen. Ja, det vart ei reise som vi ikkje hadde drøymt om. Da vi bestemte oss for å starte med innsamling av stoff om Kvenndalen, var vi … Les meir av Tid for å takke
Et glimt av levd liv
Ekte Lisboa: Ei gammel dame med klesvasken. Lisboa er en fantastisk by. Turen til den portugisiske hovedstaden gjorde større inntrykk enn hva jeg hadde trodd på forhånd. Nå i ettertid tenker jeg aller mest på ei gammel dame. Sammen med min beste halvdel tilbrakte jeg nylig drøye fire døgn i Lisboa, som er så full … Les meir av Et glimt av levd liv
Skisesongen over
Utsikt mot Kvenndalen frå Litjfjellet 4. mai i år. Det er nok slutt på skisesongen for i år. Slutt no? Mange skjønar ikkje kva eg meiner. Dei har allereie stått med baken i veret ute i hagen i fleire veker, og har ikkje oppdaga at mai er den finaste skimånaden. Diverre lever mange i … Les meir av Skisesongen over