Sommaridyll ved Fossåa. 2016 er historie. Når eg startar på desse linene er det 11 timar att av eit år som har innheldt både opp- og nedturar. Som alle andre år. Personleg er eg glad for å kunne slå fast at kroppen og hovudet framleis heng med, og at dei rundt meg har det bra. … Les meir av Mykje å glede seg over i 2016
Når prinsippa ender i intoleranse
Som liten gut høyrde eg ofte mi nøysame og gudfryktige oldemor, født i 1883, seie at det var "sist i verdens tid." Det ho meinte, var at verda heldt på å gå av skaftet, med radio, TV, bilar og andre luksuriøse innretningar. Den gamle opplevde nok 1960-tallet som ein stor, uanstendig forbruksfest. Oldemor var ikkje den … Les meir av Når prinsippa ender i intoleranse
Øvst tronar John Gammelbu’n
Eg trudde denne kvelden, måndag 28. november, skulle bli lang. Ja, eg hadde førebudd nattrangling, rett og slett. Men så gjorde karane Karjakin og Carlsen slutt på artigheita nesten før eg rakk å benke meg framfor skjermen. Det som skulle vere ei lang, sugande og dramatisk batalje om VM-tittelen, vart i staden ein slags hurtigsjakk som … Les meir av Øvst tronar John Gammelbu’n
Midtskill og millionar
Aukrust sin figur Myrullbråten ville ha hatt midtskill om han fekk leve livet om igjen. Elles var han visst nøgd med sitt jordiske opphald. Får eg ein sjanse til, vil eg satse mykje på ein leveveg som fotballtrenar. Ein av det udugeleg slaget, aller helst. Det er dei som stikk av med den verkeleg store potten. Fallerte fotballtrenarar … Les meir av Midtskill og millionar
Mest grovtenkjing
Eg har dreve lite med fintenkjing dei siste vekene. Arbeidsdagane har gått med til å rydde opp etter ein gjeng sunnmøringar som ikkje forstår seg på avisdistribusjon. Det har vore både mindre pent prat og flust av destruktive tankar. Grovtenkjing - i dobbel tyding. Når abonnentane ikkje får avisa, er det krise. Det er det verste … Les meir av Mest grovtenkjing
Ein levande tradisjon
Kanskje veks ikkje det digitale treet inn i himmelen likevel? Etter å ha redigert ferdig 2016-utgåvene av "Jul på Nordmøre" og årsskriftet til Stangvik Historielag, er dette ein tanke som slår meg. "Jul på Nordmøre" selde meir enn nokon gong i fjor, og i år var tilgangen på stoff til Stangvik-heftet så stor at vi … Les meir av Ein levande tradisjon
I skodde og snøfokk
Etter ein lang hyttesesong sit ein att med mange minne. Eg skal fortelje ei lita historie frå påskeveka. No i ettertid er også denne hendinga eit triveleg minne, som eg til overmål kan humre av. Men akkurat da kroppen trua med å gå i streikemodus, satt vel ikkje smilet spesielt laust... Måndag i påskeveka vart det brått … Les meir av I skodde og snøfokk
Slutt for i år
Syklusen går sin gang. Hyttesesongen på Tæla er over for i år. Søndag gjorde vi Tælastuå vinterklar. Veret minna ikkje mykje om haust. Men av røynsle så veit eg at brått så kan det snu på denne tida. Det er best å vere føre var. Sju månadar har gått sidan palmehelga, da vi gjorde første … Les meir av Slutt for i år
To vener
Eg trudde ikkje det var mogleg å bli kjent med eit tre. Men når det gjeld desse to rognene oppe på Tæla, trur eg jammen at eg og dei har vorte for vener å rekne. Dei gjer ikkje så mykje ut av seg i den mektige trollheimsnaturen. Litt sjabre har rognene også vorte etter kvart. Men enno … Les meir av To vener
Det uunngåelege skjedde
Eg har kvidd meg lenge på at det uunngåelege skulle skje. Søndag var dagen komen. Etter ei triveleg helg på Tau saman med dotter, svigerson og barnebarn, byrja eg seint søndag kveld, oppstemt og glad, å gå igjennom posten. Og der, der låg konvolutten eg hadde frykta. "Vi over 60" skreik det mot meg med store bokstavar. … Les meir av Det uunngåelege skjedde