Slik er det sjeldan ein ser Tæla i starten av april. Det ser mørkt ut for spretthopprennet på Tæla 1. påskedag. Tilløpet er allereie for det meste bart, og snødjupna i landingsfeltet, der ymse former for nedslag vert praktisert, er neppe meir en 20 - 30 centimeter. Ikkje ein gong karar som Sigbjørn Hausberg er … Les meir av Hopprennet i fare – men alle er velkomne
Tæla-påske for 25. gong
Påskestemning på Tæla. Dette bildet er frå 2013. Det stundar atter mot påske på Tæla. For 25. året på rad blir det påskefeiring i Tælastuå. Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan vi forventningsfulle og spente rusta oss til den første påska. Men det var altså i 1993. Tida går fort. Det har vore mange … Les meir av Tæla-påske for 25. gong
Hopping frå ein annan planet
Stor laurdag framfor fjernsynsapparatet. 1966 var eit stort år for norsk hoppsport. Bjørn Wirkola vann begge renna under VM i Oslo, og heilt på slutten av året starta han på si hittil uslåelege seiersrekke i Hoppuka. I tillegg sette karen frå Alta verdsrekord med 146 meter i Vikersund. Eg hugsar rekordhoppet som om det var i … Les meir av Hopping frå ein annan planet
Det gjekk godt
Heile lasten var på plass da eg runda hyttenova. Da er hyttesesongen i gang. Den offisielle åpninga skjedde tysdag denne veka, med skutertransport opp frå Nordviksetra. Det vil vere ei overdriving å seie at vi var heldige med ver og føre, men alt gjekk godt til slutt. Ein stor takk til vår faste og alltid … Les meir av Det gjekk godt
Ski-VM før og no
Frå ei over 50 år gammel utklippsbok. Bjørn Wirkola i svevet under ski-VM i 1966. Eit ski-VM byr ikkje berre på stor idrett. Ein slik meisterskap er også eit fint høve til å mimre. Vi som har følgd interessert med i skisporten gjennom nokre tiår har mange minne å ta vare på. Og vi har sett ei … Les meir av Ski-VM før og no
Skihytta – eit godt barndomsminne
I dag må det store kampanjer, oppkøyrde løyper og merka stiar til for å få folk ut av godstolen. Slik var det ikkje da eg vaks opp. Dette bildet av Framtidhytta, som er tatt ein gong på siste halvdel av 60-talet, får meg til å tenkje på at idrettslaget med denne hytta gjorde ein stor … Les meir av Skihytta – eit godt barndomsminne
Guttunge for ein kveld
Av og til er det godt å kjenne på at ein faktisk ikkje har vorte heilt vaksen. At ein framleis finn rom for berre å ha det gøytt. Eg og eldste bror min, kultursjefen, vaks opp svært tett på kvarandre. Krydra med litt krangel og slåsting, var det eit tilvere fylt av leik, friluftsliv og idrett … Les meir av Guttunge for ein kveld
Ein umusikalsk nasjonalist
Denne utsikta ville heilt sikkert ha gjort Donald Trump til ein betre kar. Umusikalsk og heilt utan rytme. Donald Trump framsto under presidentinnsettinga som ein stor trebukk på dansegolvet. Alt tyder på at han kjem til å styre USA på same viset. På Facebook har eg kalla presidentinnsettinga i USA "absurd teater". Det verkar framleis … Les meir av Ein umusikalsk nasjonalist
Trøyst mot Trump
Store trær er fint og riktig gamle hus er fint, men enda bedre - fjell Som ikke flytter seg en tomme om hele verden enn forandres Diktaren Rolf Jacobsen fekk aldri oppleve Donald Trump. Men på nesten profetisk vis skreiv han diktet "Mere fjell", som linene innleiingsvis er henta frå. Snart skal ein styrtrik tulling … Les meir av Trøyst mot Trump
Den gongen meisterskapa var høgtid
Kees Verkerk på veg mot OL-gull på 1500 meter i Grenoble i 1968. Bildet er klipt ut av Adresseavisen. I helga har det vore EM på skøyter. Eg følgjer med, men opplever samstundes at noko av den mytiske auraen som desse meisterskapa i gamle dagar var omgjevne med, no er borte. Hovedårsaka til det … Les meir av Den gongen meisterskapa var høgtid