I dag tok vi oss ein liten rusletur langs Fosså, Tæla sitt smykke.Fossåa startar oppe ved fjellet Bollknubben. På vegen sin utover Tæla sørger "mange bekker små" for at åa veks seg større og større. Etter å gjort seg ferdig med Tæla kastar Fossåa seg utfor liene ned mot Engjasetra, setra til våre gode vener … Les meir av Eit smykke i fjellet
Sakte sommardagar på Tæla
Vi ferierer på tredje dagen på Tæla. Tida går sakte, men livet lever. Vi puslar i og rundt hytta, hogg litt ved og går turar.Vêret kunne ha vore betre. Men vi har og opplevd verre. Når ein kan ta kaffekoppen etter endt vedøkt ute på verandaen, er det ingen grunn til å klage.I dag vart … Les meir av Sakte sommardagar på Tæla
Kortreist ferieglede
Eit over femti år gammalt prospektkort frå Strynefjellvegen. Kortet vekkjer mange gode minne. Så blir det ein kortreist ferietur i år også. Eg og Mette har gjort slike utflukter til vår eigen spesialitet. Vi er ikkje heimefrå meir enn to - tre døgn, og tilbakelagte kilometer er slett ikkje all verda. Men erfaringa er denne: … Les meir av Kortreist ferieglede
Eldbrenning og gebursdagsfeiring
Eldbrenning først på 60-talet. Bloggskrivaren lengst til venstre, og deretter Ingeborg og Otto Schwarzer saman med Ole Magne Ansnes. Lengst til høgre ein turist frå Tyskland, som kom på sommarbesøk saman med Schwarzer-folket. Han heitte Adolf, men insisterte på å bli kalla Dolf. Adolf-namnet var så belasta at han ikkje ville bruke det. Foto: Gudrun … Les meir av Eldbrenning og gebursdagsfeiring
Seremoni mot sommar
Livskvalitet, Sommarsesongen på Tæla er i gang. No er liene berre, og sakte men sikkert skiftar fjellandskapet frå brunt til grønt. Borti Bollknubben blir dei minkande snøfonnene til rare figurar. Prosessen er alltid den same. Det er som ein høgtideleg seremoni. Snødjupna oppe på Tæla kan variere sterkt. For ein månads tid sidan tykte eg det såg … Les meir av Seremoni mot sommar
Møte med ei eldgammal kjempe
Dette oliventreet er det eldste i verda. Det står i landsbyen Ano Vouves på Kreta, og ber alderen sin, 3.500 år, på imponerande vis. Framleis produserer treet oliven! Stammen har ein omkrets på 12,5 meter og ein diameter på 4,6 meter. Ei kjempe, rett og slett. Eg og Mette besøkte Ano Vouves under Kreta-ferien … Les meir av Møte med ei eldgammal kjempe
No kjem vi, kjære Platanias!
Laurdag 13. mai set eg og Mette kursen mot Kreta og Platanias for fjerde gong i lag. Det er mange grunnar til at Platanias har vorte vår plass. Ein av dei viktigaste ser du på bildet over, der Mette er flankert av strandbarvert Manolis og mor hans. ManoEra heiter baren, som slett ikkje er av det … Les meir av No kjem vi, kjære Platanias!
Eit vårleg ritual
Livskvalitet. Frokost før skituren. Er du toillåt når du brukar solrike maidagar til å gå på ski i fjellet? Mange meiner nok det. Sjølv har eg, av naboar, vener og andre, ofte fått høyre at eg er både toillåt og stæntoillin, sidan eg har denne vanen at eg dreg til fjells for å gå på … Les meir av Eit vårleg ritual
Drømmepåske
Tur til Skarvan. Flott ver og upåklageleg utsikt. Det vart ei drømmepåske utan like. Eg og Mette kom til Tælastuå onsdagskvelden før påske, og forlet hytta 2. påskedag. Bortsett frå nokre snøbyger, som heldigvis kom på kveldstid, hadde vi sol frå første til siste minutt. Eg har opplevd fine påskehelger på Tæla før. Men ikkje … Les meir av Drømmepåske
Påskefeiring før og no
Familien på påsketur, truleg i 1968. Eg har alltid sett pris på påska. I vaksen alder gler eg meg til gode dagar i hytta på Tæla. I barndommen var det dagsturane på ski som gjorde høgtida så forlokkande. Sjølv om vi gjekk på ski kvar dag gjennom heile vinteren, frå slutten av november til langt uti april, var … Les meir av Påskefeiring før og no