Medan dei fleste vel knapt har tenkt på å starte med juleførebuingane, er eg allereie så godt som ferdig med ei av dei aller viktigaste oppgåvene som skal vere i hamn før jul. "Jul på Nordmøre" årgang 82 er berre eit par korrekturrundar unna å bli sendt til trykking. Eg har vore med i skriftstyret … Les meir av «Jul på Nordmøre» for 82. gong
Hyttesesongen på hell
Seks og ein halv månad har gått sidan hyttesesongen starta. No er den straks over. Tida går fort. Denne helga er den siste vi har i lag på hytta dette året. Så har eg planar om å stele meg eit par friminutt til for meg sjølv her oppe, før hytta vert stengt for vinteren. Eg … Les meir av Hyttesesongen på hell
Eit strømlaust liv
"Hytter uten strøm" heiter ei gruppe på Facebook. Dette er eit triveleg forum å delta i for oss som har hytte litt utanfor allfarveg. Millionpalass i store hyttefelt kan sikkert ha sin sjarm. Men Mette og eg ville ikkje ha bytta med nokon. Etter at vi tok til å klikke oss rundt på "Hytter uten strøm", … Les meir av Eit strømlaust liv
Eit undervurdert fjell
Storfjellet sett frå hytta. I dag vart det tur til Storfjellet. Blant dei fjella eg kan nå på rimeleg vis med ein dagstur frå hytta, er Storfjellet ein av favorittane. Turen blir på om lag ei mil, og belønninga for å ha nådd toppen er eit fantastisk rundskue. 867 meter over havet er kanskje ikkje all verda. … Les meir av Eit undervurdert fjell
Grått og vått – men livet smiler
Eg har eit avslappa forhold til vermeldinga. Meteorologane tek svært ofte feil. Difor var eg ikkje det minste overraska da eg i dag tidleg vakna, dro frå gardina og såg eit fjellandskap innhylla i skodde. Regna gjorde det også. Det som skulle vere ei godvershelg på Tæla, fekk ikkje den starten eg hadde håpa på. … Les meir av Grått og vått – men livet smiler
Seinsommarkveld
Det er siste laurdagskvelden i den siste sommermånaden. Vi har akkurat trekt inn i hytta etter ein makalaus fin dag på Tæla.Veden er komen i hus. Og to nye vedstablar er på plass ved uthusveggen. Vi har hatt triveleg besøk av Jostein, Ragnhild og Elias. Seint på ettermiddag vart det ei stille stund nede ved … Les meir av Seinsommarkveld
Strigla kjendisar og politikarar i A4-format
Medan eg, i alle fall i overført tyding, inntek Fintenkjarplassen, strøymer toppar frå politikken, PR-bransjen og andre "fancy" næringsgreiner til Arendal. Her skal dei mingle, lobbyere og skjenke kvarandre fulle i ei heil veke til endes. Skal ein kome opp og fram her i verda, gjeld det å vere på rett plass til rett tid. Ein feit … Les meir av Strigla kjendisar og politikarar i A4-format
To mann – tre aviser
Det vart nettrekord. Det er torsdagskveld. Eg skriv denne epistelen mot slutten av ei arbeidsveke som er av dei mest spesielle eg har vore gjennom som redaktør i Aura Avis. 21 år i avisa har bydd på mykje rart og uventa. Men aldri før har eg opplevd at redaksjonen i ei heil veke har vore … Les meir av To mann – tre aviser
Terror og ei gammeltante
Seks år har gått sidan den vanvittige terroren mot regjeringskvartalet og Utøya.22. juli 2011. Eg hadde ferie og var på Tæla. Det var fredag, og denne kvelden skulle eg i eit vennelag på hytta til Klara og Torbjørn i Kvenndalen.Eg forlet Tælastuå seint på ettermiddagen. Da eg skrudde på bilradioen nede i dalen, forsto eg … Les meir av Terror og ei gammeltante
Like bra som Mount Everest – bortimot…
Fossafjellet sett frå seterstølen på Kvennbøtæla. Den som ragar berre 786 meter over havet, har kanskje ikke så mykje å skryte av. Galdhøpiggen strekkjer seg tre gongar høgare mot himmelen, og den største av alle majestetar, Mount Everest, heile elleve gongar meir til vers. Nei, Fossafjellet gjer ikkje så mykje av seg, verken på globusen eller på … Les meir av Like bra som Mount Everest – bortimot…