Stor nedtur – stor prestasjon

10000-meteren er berre to minutt gammal, og alt ser lyst ut.   Etter at Marit Bjørgen og Daniel-André Tande hadde leverte varene i Holmenkollen, skulle søndagen toppast med norsk verdsmeister på skøyter i  Amsterdam. Den første på 24 år. Eg rigga meg til i stolen. Etter den fabelaktige 1500-meteren, var forspranget til Sverre Lunde Pedersen så … Les meir av Stor nedtur – stor prestasjon

Ei musikalsk pilegrimsreise til Drammen

Ei investering som skulle kome til å bety mykje.   Når Procol Harum spelar i Drammen 1. februar, vil det vere to kvennbøgardingar i salen. Underteikna og broder Ole Magne er på musikalsk pilegrimsferd. 43 år etter at vi første gong opplevde Procol Harum i Studentersamfundet i Trondheim, skal vi kjenne på felles røter og leve … Les meir av Ei musikalsk pilegrimsreise til Drammen

Tre år med utsyn frå Fintenkjarplassen

Utsikt frå Fintenkjarplassen mot Sul-toppane.   Det er tre år sidan denne bloggen såg dagens lys. 1. februar 2015 gjekk den første epistelen på lufta. I tida etterpå har det vorte rundt 120 betraktningar om stort og smått. Som avisredaktør i 35 år har eg skreve fleire tusen  leiarartiklar og kommentarar. Eg har meint mykje om mangt … Les meir av Tre år med utsyn frå Fintenkjarplassen