Ein sommardag i 2007 kom eg i prat med Torbjørn Polden oppe på Hyllbakkan i Kvenndalen. Han var oppteken av historia til dalen, og meinte at den burde skrivast ned. Spørsmålet var om eg kunne tenke meg å delta i eit slikt arbeid. Sjølsagt var eg interessert, så svaret vart ja. Dermed byrja snøballen å … Les meir av Bokskriving i elleve år – ei reise gjennom lokalhistoria
Tilbakeblikk på hyttesesongen 2018
I år gjekk startskotet for hyttesesongen oppe på Tæla 17. mars. Punktum vart sett 14. oktober. No kan vi sjå tilbake på sju månadar fylt med mange gode minne. Desse tek vi med oss inn i vinteren. Tradisjonen tru leigde vi også dette året altmulegmannen Gunnar til å køyre opp proviant og utstyr med scooter. Mette var … Les meir av Tilbakeblikk på hyttesesongen 2018
Sistkveld i Tælastuå
Sakte sig sistkvelden på her oppe på Tæla. I morgon er ein lang og minnerik hyttesesong slutt. Tida fer fort. Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan den første turen i år, som var midt i mars. Sidan Tælastuå står på ein seterstøl, tykkjer eg det passar godt å bruke ordet sistkveld. I gamle dagar … Les meir av Sistkveld i Tælastuå
Haust, messefall og krabbe
Mellom bygene vart det ein rusletur langs Fossåa. September berre forsvann. Dei to første vekene levde vi det gode liv på Kreta. Dagane som har gått etter at vi kom heim tok vinden og regnet. Ofte er det slik at ingen månad kan måle seg med september. Eg brukar å seie at dersom veret slår … Les meir av Haust, messefall og krabbe
Late dagar, ei øy og ein slåttekar
Det er ein døsig laurdag ettermiddag. Vi er midtvegs i årets Kreta-ferie. Mette har gått opp i leilegheita. Eg vil tru ho sit på verandaen og strikkar. Sjølv ligg eg på ei solseng på stranda i selskap med Edvard Hoem. «Slåttekar i himmelen» er prima ferielektyre. Det er greit å ha god tid når ein … Les meir av Late dagar, ei øy og ein slåttekar
I eige selskap
Idet eg skriv desse linene, startar eg på fjerde døgnet som eremitt. Eg kom åleine fram til hytta tysdag. No senkar fredagskvelden seg over stølen. I morgon har eg tenkt meg tilbake til sivilisasjonen.Eg har levd livet sakte dei siste dagane. For ein som har sprunge om kapp med klokka i over førti år, er … Les meir av I eige selskap
Det gode liv i døropninga
Godt nøgd med meg sjøl, sit eg i døropninga på hytta og let tankane fare. Kvifor eg er så nøgd? Det er fordi eg rakk å gje ytterdøra eit påkrevd strøk med beis før regnet kom. No regnar det. Men takka vere at hyttebyggar Peder i si tid laga eit ekstra langt utspring på taket … Les meir av Det gode liv i døropninga
Hytteliv – uansett ver
Det er fredag ettermiddag. Vi er på veg til hytta. Regnet slår mot frontruta. Meteorologane spår skybrot seinare på kvelden. - Det er kanskje muleg å finne dei som hadde avlyst hytteturen med slike verutsikter, seier eg til min beste halvdel. Ho sit i setet ved sida av og strikkar. - Heilt sikkert. Men den … Les meir av Hytteliv – uansett ver
Ein liten fjølende – og ei lang historie
Ein liten fjølende kan sette tankane i sving. Under opprydding i uthuset på hytta oppe på Tæla kom eg over denne fjølenden. Den stammar frå veggane i seterskjelet, som i si tid stod like ved. Eg hengte opp klenodiet inne i hytta. Rett som det er blir eg ståande og sjå på den sirlege inskripsjonen. Ein … Les meir av Ein liten fjølende – og ei lang historie
Frå Hafella til Sentrum Scene
Konserten er slutt, og publikum får lov til å fotografere. Nyleg fekk eg oppleve legenda Robert Fripp og bandet hans King Crimson på Sentrum Scene i Oslo. For meg starta eigentleg denne turen i kårstua på garden Hafella i Tingvoll hausten 1972. Her, i ein avkrok ved Stølvatnet, residerte ein av mine musikkinteresserte gymnaskompisar. I dag … Les meir av Frå Hafella til Sentrum Scene