Påskestemning i Tælastuå. Det er påskedagskveld i Tælastuå. Ei på alle måtar vellukka høgtid går mot slutten. Vi kan sjå tilbake på dagar med mykje sol, fine skiturar og triveleg besøk. I dag fekk vi regn og skodde. Men vêret stoppa ikkje det tradisjonelle påskedagstreffet på Tæla. Det kom ikkje over femti, som i 2005, … Les meir av Salmesong, vin og kortspel
Påskefred på verandaen
Onsdag før påske. Ein velsigna dag. Vi er vel installert i Tælastuå, har hatt ein flott skitur og har treft mykje triveleg folk. Og framleis ligg sjølve påskehelga der - ubrukt. Eg feirar mi 27. påske på Tæla. Fleire av dei som på 90-talet var faste brukarar av terrenget her er borte no. Slik er … Les meir av Påskefred på verandaen
Sein vår – og sein start på hyttesesongen
Det blir sein start på hyttesesongen i år. Mars har vore slik som den alltid er - ein retteleg vintermånad. Men sjølv om eg og Mette så langt ikkje har vore på hyttetur, er provianten komen fram. Skuterføret såg ut til å reise sin veg i starten av mars, så det vart hastverk med å … Les meir av Sein vår – og sein start på hyttesesongen
Naturkreftene er ikkje på lag med skisporten
Vil skiidretten overleve klimaendringane? Eg er ikkje den første som stiller spørsmålet. Vintrane kjem ubønnhørleg til å bli stadig mildare i åra framover. Ekspertar spår at vinteren, slik vi kjenner årstida, vil vere ein saga blott i Noreg mot slutten av dette århundret. Snøsesongen kan bli så mykje som fire månader kortare enn no. Eirik … Les meir av Naturkreftene er ikkje på lag med skisporten
Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Seefeld. For meg er staden uløyseleg knytta til vinter-OL i 1964. Innsbruck var arrangørby for leikane, og i Seefeld, som ligg to mil lenger vest, gjekk alle øvingane i nordiske greiner. No skal alpelandsbyen arrangere ski-VM. Gamle idrettsheltar på papp. Skihopparane er øvst frå v. Hans Olav Sørensen, Toralf Engan, Thorbjørn Yggeseth, Torgeir Brandtzæg og … Les meir av Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Ein ny hyttesesong i emning
Vi veg-, vatn- og straumlause hytteeigarar nærmar oss sakte ein ny sesong. Siste turen til Tælastuå i fjor var i slutten oktober. Om halvannan månad, eller der omkring, kjem den første overnattingsturen for året. Det er eit tidsskilje i livet og året. Ein draum. I snaue fem månadar må Tælastuå klare seg på eiga hand, … Les meir av Ein ny hyttesesong i emning
Klag ikkje på vinteren
Vinter i Robinsonmarka. Som det vintermennesket eg inst inne er, prøvar eg så godt eg kan å gle meg over dei vinterdagane som enno finst. Dystre klimarapportar og handlingslamma politikarar ber bod om sommar heile året. Sjølv her ute i havgapet er det vinter no. Eit kvitt teppe har lagt seg over vakre Bud. Da … Les meir av Klag ikkje på vinteren
Ein fredeleg og arrogant type
Dette er Kim Wilhelm. Han er det nyaste medlemmet i husstanden Robinsonmarka 26. Vi fekk han til gards rett før jul, og etter kvart har han funne seg godt til rette. Kim Wilhelm er ikkje kravstor. Han arbeider når han får beskjed om det, og held seg elles i ro. Han seier lite og treng … Les meir av Ein fredeleg og arrogant type
2018: Flytting til Bud og møte med musikklegender
Eg startar den første bloggen i det nye året med eit sitat fra den amerikanske forfattaren Dave Weinbaum, som seier: "Hemmeligheten til et rikt liv er å ha flere begynnelser enn avslutninger." Orda høver godt ved inngangen til eit nytt år. Vi avsluttar eit kapittel, samstundes som mange nye sider ligg framfor oss. I forvissinga … Les meir av 2018: Flytting til Bud og møte med musikklegender
Førjulstankar under stjerna
Eg sit under stjerna i glaset i arbeidsrommet mitt og prøver å kjenne etter om julestemninga kan vere på veg. Ute er det ikkje mykje som minner om jul her ute i havgapet. Men innandørs foregår det ting som så absolutt gjev kjensle av advent og jul i emning. Min beste halvdel styrer på med sitt, … Les meir av Førjulstankar under stjerna