Krig, kommunal armod og netthets – det er mykje trist og destruktivt rundt oss. Da er det ikkje desto mindre triveleg å kunne bidra med noko som dreg i positiv retning.
Lyden av ein mann som forsøker å gå på egg
Det er ei stund sidan eg har skrive om musikk på Fintenkjarplassen. På ein novembersøndag kan det passe godt å slå eit slag for den engelske musikaren og komponisten David Sylvian. Han er eit melankolsk musikkgeni som ber mykje av hausten i seg.
Ei reise frå april til oktober – med nokre forviklingar
Ein hyttesesesong. Den 34. i rekka. 36-åringen som vart hytteeigar på Tæla i 1992 er plutseleg berre få månader unna dei 70. Eit halvt liv. Tanken er uverkeleg. Men slik vart det. Og vi har ikkje tenkt å gje oss enno, verken Mette eller eg.
No er dei borte – men prestasjonane lever
27. oktober 2025 døydde Odd Martinsen. Dermed er alle heltane frå det legendariske stafettlaget som vann gull under ski-VM i Oslo i 1966 borte.
Sistkveld
Årets siste overnatting på Tæla. Den siste bloggen frå Tælastuå i 2025. Det er sistkveld.
Yrkesskadd
Det er fem år sidan eg som redaktør gjekk ut ut døra i Aura Avis for siste gong. Åra går fort. Kanskje har det noko å gjere med at pensjonistlivet så langt ikkje har gjeve meg ein einaste kjedeleg dag.
Herre over eige liv
Nokså nøyaktig 33 år har gått sidan vi tok over Tælastuå. Eg sit i skyminga og ser i gamle hyttebøker. Det vart litt av ei reise.
Julehefte, rakfisk og absurd teater
Det går på haustlege gjeremål for tida. Redigeringa av Jul på Nordmøre er unnagjort. I helga skal eg legge siste hand på årsskriftet til Stangvik historielag, slik at Åge på Mediahuset får starte det grafiske arbeidet.
Over alle grenser
Kor sjølvopptatt, egoistisk, tankelaus og ansvarslaus går det an å bli? Prinsesse Märtha Louise gjev oss svaret. Det finst ikkje grenser.
Auståvind på fleire måtar
Auståvinden feier over Tæla. Det er i meste laget. Eg vurderer å ta inn flagget før det bles i filler. Gradestokken viser faktisk 18-19 grader. Men dei varme gradene får ikkje høve til å stoppe på. Dei berre fyk forbi.