Platanias er eit sjarmerande kaos. Eg klikkar meg inn på Facebook, og der dukkar minne frå mai 2016 og 2017 opp. I 2016 var vi i Lisboa i desse dagar og året etter i vårt kjære Platanias på Kreta. Det har vore dårleg med reising det siste året. Det å få dra til utlandet er … Les meir av Ja, vi saknar Platanias
8. mai fortener raud farge i kalenderen
17. mai gløymer dei færraste å heise flagget. Da er det verre med 8. mai. Nakne flaggstenger på denne dagen er dessverre eit vanleg syn. Det er synd. 8. mai minner oss om hendingar som vart heilt avgjerande for at vi i dag kan leve i fridom og velferd. Tyskarane tok frå oss landet 9. … Les meir av 8. mai fortener raud farge i kalenderen
Kvite vidder i april
Kalenderen viser 29. april. På Tæla er det framleis ein meter med snø. Det er fantastiske forhold for den som vil gå på ski. Men ikkje vent. Når varmegradane melder seg for fullt, kjem føret brått til å forandre seg. Eg vakna til seks kuldegrader i dag. Ikkje vårtemperatur, kan ein vel trygt seie. Men … Les meir av Kvite vidder i april
Streiftog gjennom vår og vakker natur
Tæla dukkar opp i all si prakt, og skiføret har forsvunne sidan sist vi var der. 9. mai 2004. I eit år der det av ulike årsakar ikkje ser ut til å bli så mange vårskiturar til Tæla, går det an å klikke rundt i gamle bilde og gle seg over gode minne. Tæla er … Les meir av Streiftog gjennom vår og vakker natur
Den vakraste historia
Idretten gir oss mange vakre historier. Ei av dei vakraste fekk vi søndag 28. mars 2021, da Halvor Egner Granerud kunne løfte krystallkula over hovudet som synleg bevis på at han var vinnar av verdscupen i hopp. Når alt kjem til alt, finst det berre tre idrettar: Skihopping, skihopping og skihopping. Andre greiner er for … Les meir av Den vakraste historia
Kyststien: Havet, himmelen, lyset og vinden
Kyststien, med Bjørnsund i horisonten. Eg går ut i vårmorgonen for å få litt mosjon og frisk luft. Det er ein høgst vanleg onsdag. Skjønt, vanleg. Kva er ein vanleg dag for oss som bur her på svaberga heilt ut mot Hustadvika? Etter tre år som buaværing, har eg lært meg at her finst det … Les meir av Kyststien: Havet, himmelen, lyset og vinden
Det normale er at alt er unormalt – og ein draum om vårskiturar i fjellet
Den nådelause framferda til mildveret den siste tida truar med å gjere dei som tenker seg til fjells i påska til fotturistar. Etter at Tælastuå vart koronastengt i påska i 2020, hadde eg sett fram til ei påskehøgtid og ein vår med fint skiføre i fjellet i år. Akkurat no ser det ikkje berre lyst … Les meir av Det normale er at alt er unormalt – og ein draum om vårskiturar i fjellet
Er glansen rundt VM like sterk som før?
Bjørn Wirkola vann to VM-gull i 1966. Vi er inne i ein hektisk VM-periode. Alpinistane og skiskyttarane er ferdige med sine meisterskap. No står nordiske greiner for tur. I alpint vart det gjennomført 13 øvingar, og i skiskyting 12. Verdsmeisterskapen i nordiske greiner har est ut til 24 konkurransar. Talet på meisterskapsøvingar har auka jamnt … Les meir av Er glansen rundt VM like sterk som før?
Professoren som skapte idrettshistorie
I det siste har eg kosa med meg med Alfred Fidjestøl sin biografi om fotballprofessoren Egil Olsen, «Mine kamper. Biografien om Drillo». Boka er ikkje berre ein historietime om eit av dei mest sensasjonelle kapitla i norsk idrettshistorie. Ho gjev også eit innblikk i eit levd liv utanfor A4-boksen. Drillo har all sin dag vore … Les meir av Professoren som skapte idrettshistorie
Kor fint det er på Eidet!
Vi køyrde over Eidet den siste søndagen i januar. På Kvennbøkrysset stoppa vi for berre å sjå. Min barndoms grend i prektig vinterskrud – det var så utruleg vakkert. Ein gong i tida høyrde rikeleg med snø, kulde og vebju alle vintrar til. Ja, det var så vanleg at folk nok aldri tenkte over kor … Les meir av Kor fint det er på Eidet!