Eit mål er nådd. Mette tilbake på Tæla! Hyttesesongen på Tæla er alltid fylt med små og store høgdepunkt. I år var det ingenting som toppa 8. juli, da Mette gjennomførte den første hytteturen etter kneoperasjonen. Ho hadde jobba lenge for å nå dette store målet. For ei glede det var, etter ein lang vår … Les meir av Hyttesesongen 2021: Mette klarte det!
Hausten er meir enn ein fotballkamp
Kva ville vel hausten har vore her i Norge utan cupfinalen? Ikkje uventa var det den legendariske sportskommentatoren Arne Scheie som ein gong stilte dette spørsmålet. For mange fleire enn Scheie er nok ein haust utan cupfinale utenkeleg. Men i år skjer det altså. Cupfinalen 2021 skal ikkje spelast før 1. mai 2022. Til og … Les meir av Hausten er meir enn ein fotballkamp
Den vakraste tida i fjellet
Haust på stølen. Sanneleg går ikkje denne hyttesesongen mot slutten også. Ein månad til, så er vi ferdige for i år i Tælastuå. I alle fall når det gjeld overnattingar. Hytteboka fortel at vi på grunn av ein rekonvalesens i familien fekk ein litt treig start dette året. Men sidan juli har trafikken opp og … Les meir av Den vakraste tida i fjellet
Innedag
Regnet silar ned i Trollheimen. Skodda heng langt nedover fjellsidene. Det har vore innedag på hytta. Heldigvis er eg og Mette av den sorten som ikkje bryr seg så mykje om veret. Så langt under dette opphaldet i Tælastuå har vi hatt tre dagar med brukbart ver og to med regn. Det får vere godkjent. … Les meir av Innedag
Ferieturar før og no: Frå primus til seks rettar
Mitt første prospektkort. Motivet er Dombås. Snusfornuftig som eg var, prøvde eg å finne eit kort som ga god oversikt. Det var jo uvisst når ein kunne få sjå att ein plass som låg så langt unna. Ferietur. I oppveksten var ordet nesten omgjeve av ein slags eksotisk mystikk. Den årlege bilturen med to-tre overnattingar … Les meir av Ferieturar før og no: Frå primus til seks rettar
22. juli: «Det har vel ikkje gått heilt som vi håpa. Rasismen har gode kår og hatretorikken blomstrar som aldri før»
22. juli 2011. Ein ubegripeleg dag. Etterfølgd av ei absurd tid. Ein enkelt galning snudde opp ned på landet vårt, og skapte sår som aldri vil gro heilt. Nokså nøyaktig eitt år etter terroren på Utøya køyrde vi nordvover langs Tyrifjorden. På fastlandet rett innafor Utøva vart vi påmint om tragedien 22. juli 2011. Eg … Les meir av 22. juli: «Det har vel ikkje gått heilt som vi håpa. Rasismen har gode kår og hatretorikken blomstrar som aldri før»
«Det er lett å sitte på si eiga tue og gjere seg opp meiningar om ting ein veit lite om»
Ei stund tidlegare i sommar fatta vi håp om at, ja, kanskje så kunne det bli ein Kreta-tur til hausten. Håpet varte ikkje lenge. Plutseleg skifta Kreta farge igjen. Seinare har smittesituasjonen i mange land forverra seg. Alt er på nytt usikkert. Turen til Kreta er avlyst for godt også i år. Besøk i det … Les meir av «Det er lett å sitte på si eiga tue og gjere seg opp meiningar om ting ein veit lite om»
Godt å leve for ein einfaldig eremitt
Høgsommar på Tæla. Det første julidøgnet er meir enn 19 timar gammalt når eg skriv dette. Her oppe på Tæla viser gradestokken framleis over 24 grader. Tidlegare i dag registrerte eg 25,4. Det har vore ein sommardag av dei sjeldne. På ein dag som denne blir det ikkje gjort så mykje. Eg rusla ein tur … Les meir av Godt å leve for ein einfaldig eremitt
Sterke scener seint ein junikveld
Kollega Jan Ødegård tok dette bildet den dramatiske junikvelden i 2009. Han kom seg inn til orkesterplass før politiet rakk å sette opp sperringar. Slik arbeider ein fullblods lokalavisjournalist. Oppdølsstranda var ein gjengangar i spaltene gjennom mine 24 år i redaktørstolen i Aura Avis - i alle fall fram til tunnelen vart opna. Nokre hendingar … Les meir av Sterke scener seint ein junikveld
Vårsøg frå Fossåa
No er det vårsøg i fjellet. Gradestokken viser 24 varmegrader, og Fossåa renn stor og stri gjennom landskapet. Fossåa er Tæla sitt smykke. Sjeldan er ho vakrare enn på dagar som denne, da transporten av vatn frå topp og tind ut mot fjorden er på sitt travlaste. Eg ruslar ein tur langs elva og tek … Les meir av Vårsøg frå Fossåa