Utsyn frå Sæterlia mot Nordviksula skjærtorsdag. Eg vart brått og uventa kasta ut i eit eksperiment. For første gong sidan 1992 skal eg feire påske på heimleg grunn. Eg veit ikkje heilt korleis denne nye situasjonen skal handterast, men er likevel optimist. Skjærtorsdagen har for så vidt gått greit. Det som på papiret skulle vere … Les meir av Heimepåske dag 1
Kategori: Ukategorisert
Visdomsord på ein laurdagskveld
På denne laurdagskvelden fekk eg lyst til å kome med eit sitat av den indiske guruen Sri Sathya Sai Baba – ein fintenkjar av beste merke, om eg så skal seie. Eg fann visdomsorda i eit hefte som følgjer med Robert Fripp og David Sylvian si plate Damage, som eg kjøpte for mange år sidan. … Les meir av Visdomsord på ein laurdagskveld
Dobbel solnedgang og oktoberfred
Nokre få haustdagar er meir magiske enn andre her oppe på Tæla. Det er dei dagane ein kan nyte to solnedgangar frå Tælastuå. Ei eldkule. Først går sola ned bak Fossafjellet, mellom Nonssteinen og den fremste varden. Så, nokre timar seinare, kjem ho fram att i synsranda der Maifjellet på Hjelset møter Fossafjellet. Da har … Les meir av Dobbel solnedgang og oktoberfred
Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten
Vi er midtvegs i Kreta-ferien vår. Dagar går. Dagar kjem. Så langt har tida fått bestemme farten på tilværet. Vi har ikkje blanda oss borti. Berre levd. Platanias er vår perle. På denne kaotiske, søvnige, hektiske og sjarmerande staden, der ingen kommuneplanleggar kan ha sett sin fot på mange tiår, har eg og Mette slått … Les meir av Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten
Livet er ikkje det verste ein har…
Nordmørssommaren kviler tungt over Tæla i kveld. Det har regna, og skodda heng langt nede i fjellsidene. Eg har vore eremitt i Tælastuå sidan laurdag. Ikkje ei levande sjel har eg sett dei to siste døgna. Men like før eg kom hit, hadde ein fjellvandrar fare forbi. Han la att denne lappen i dørsprekken: Den … Les meir av Livet er ikkje det verste ein har…
Forsommartur til Fintenkjarplassen
Etter ein fredag med regn, sludd og vind, kom laurdagen med sol og temperatur til å leve med. Det vart frokost og popquiz - med Finn Bjelke, sjølvsagt - på verandaen og deretter tur til Fintenkjarplassen. Eg bruka god tid på turen opp. Ja, eg la inn ein omveg for riktig å ta inn over … Les meir av Forsommartur til Fintenkjarplassen
Inneklemt – men ikkje innestengt
Eg skriv denne epistelen fredag etter Kr. Himmelfartsdag. Den dagen som på moderne norsk er ein "inneklemt fredag". Ein dag da folk avspaserer, har heimekontor eller innvilgar seg sjølv ein fridag dei meiner å ha fortent. Sjølv høyrer eg inn under sistnemnde kategori, sjølv om det strengt tatt er opp til andre å avgjere om … Les meir av Inneklemt – men ikkje innestengt
Eksplosjon i fjellet
Det er laurdag ettermiddag. Eg sit på hytteverandaen og ser utover eit landskap som i løpet av den siste veka har gjennomgått ei utruleg forvandling. For ei veke sidan lava snøen ned her, og alt var kvitt. Vi måtte bruke ski for å kome fram. I dag gjekk vi sommarstien til fots. Stølen er bar, … Les meir av Eksplosjon i fjellet
Salmesong, vin og kortspel
Påskestemning i Tælastuå. Det er påskedagskveld i Tælastuå. Ei på alle måtar vellukka høgtid går mot slutten. Vi kan sjå tilbake på dagar med mykje sol, fine skiturar og triveleg besøk. I dag fekk vi regn og skodde. Men vêret stoppa ikkje det tradisjonelle påskedagstreffet på Tæla. Det kom ikkje over femti, som i 2005, … Les meir av Salmesong, vin og kortspel
Påskefred på verandaen
Onsdag før påske. Ein velsigna dag. Vi er vel installert i Tælastuå, har hatt ein flott skitur og har treft mykje triveleg folk. Og framleis ligg sjølve påskehelga der - ubrukt. Eg feirar mi 27. påske på Tæla. Fleire av dei som på 90-talet var faste brukarar av terrenget her er borte no. Slik er … Les meir av Påskefred på verandaen