27. oktober 2025 døydde Odd Martinsen. Dermed er alle heltane frå det legendariske stafettlaget som vann gull under ski-VM i Oslo i 1966 borte.
Kategori: Ukategorisert
Yrkesskadd
Det er fem år sidan eg som redaktør gjekk ut ut døra i Aura Avis for siste gong. Åra går fort. Kanskje har det noko å gjere med at pensjonistlivet så langt ikkje har gjeve meg ein einaste kjedeleg dag.
Vorspiel og pinsekveld
Det er stille pinsekveld i Tælastuå. Eg fyrer i omnen og nyt eremittlivet i selskap med Per Sundnes og Frode Larsen på P2.
Eit minne for livet
Kva skjer når ein av Norges største nolevande kunstnarar kjem rett frå turne i Tyskland til Drøpping scene på Tingvoll? Svar: Det oppstår magi.
Ingenting er enklare enn å sitte på utsida og slenge med leppa
Lokalpolitikarane våre har frivillig stilt seg til disposisjon, og må vere førebudd på alle dei utfordringar som følger med det å vere folkevalt. Det trur eg da også at alle som sit i kommunestyra rundt om i Norge er innstilt på.
Jubileum for Fintenkjarplassen: 300 innlegg på ni år
Fintenkjarplassen har eksistert i ni år, og 300 innlegg er publisert. Det er utgangspunktet for dette 301. blogginnlegget i rekka.
Sterke scener seint ein junikveld
Kollega Jan Ødegård tok dette bildet den dramatiske junikvelden i 2009. Han kom seg inn til orkesterplass før politiet rakk å sette opp sperringar. Slik arbeider ein fullblods lokalavisjournalist. Oppdølsstranda var ein gjengangar i spaltene gjennom mine 24 år i redaktørstolen i Aura Avis - i alle fall fram til tunnelen vart opna. Nokre hendingar … Les meir av Sterke scener seint ein junikveld
Luksus i julikvelden
Livet smiler framleis til eremitten i Tælastuå. Klokka er over ti, og eg feirar Bodø/Glimt sitt poengtap mot Stabæk med ein utsøkt skvett Kveik IPA. Ikkje det at eg ønskjer dette sympatiske laget frå nord noko vondt. Tvert om. Men det finst grenser for alt. Dei må gjerne ta sølv - bak Molde. Det vart … Les meir av Luksus i julikvelden
Naturen sitt eige sakte-TV
Sein sommar på stølen Sol, meir enn tjue varmegrader og ein austavind som smyg seg over landskapet. Snøen lever farleg på Tæla. Vinteren var standhaftig her oppe i år. Men no er det slutt. Frå solveggen på verandaen kan vi sjå korleis berrflekkar og rabbar skiftar fasong frå time til time. Det er naturen sitt … Les meir av Naturen sitt eige sakte-TV
Heimepåske dag 5
Borti Bollknubben er det mykje rart å sjå. Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet,der beiter dei i grøne hall.Men vårsoli og graset er for sterke,dei magrast for kvar dag. Desse orda tilhøyrer lyrikaren Olav H. Hauge, og utgjer heile diktet «Vinteren har gløymt att». Eg fann diktet da eg sat og las i … Les meir av Heimepåske dag 5