Øye skule ligg midt på bildet, som er tatt på 60-talet. (Foto henta frå Facebook-sida Surnadal i bilder). Ordet mobbing var enno ikkje kome inn i det norske språket. Men også da eg og mine jamaldringar gjekk på barneskulen på 60-talet var det mobbing. Ikkje så reint lite heller, til tider. Også enkelte lærarar dreiv … Les meir av Mobbarane på Øye skule og i Washington, D.C.
Kategori: Trump
Ja, vi har grunn til å vere redde
«Om Trump held fram som han seier, får vi etter kvart ein debatt som er viktigare enn strømprisdebatten». Det skreiv ein klok ven av meg på si Facebook-side den 2. februar. Snart tre veker seinare kan vi slå fast at analysen var rett.
Har vi grunn til å vere redde?
Før i tida var det for folk flest i Norge ikkje så veldig nøye kven som var amerikansk president. Vi visste at uansett kven som hamna i det ovale kontoret i Washington, D.C., ville det vere ein president vi kunne kjenne oss trygge på.