Søndag. Ein av sju dagar i veka – i enden av helga. Skrifta seier at vi skal halde kviledagen heilag. I vår tid kan det vere så som så med helgedagsfreden. Dei raude dagane på kalenderen har mista mykje av både glans og status. Dessverre. Folk må få leve liva sine slik dei vil. Likevel … Les meir av Helgefred og tallerken med gullkant
Kategori: Tankar
Ein avlyst hyttesesong – og andre tankesprang frå reservebenken
Det var det herrens året nittensekstifemDet var så bratt at det var vondt å spise speileggOg juleposten den kom aldri fremFør nyttårsaften nittensekstifem I den elleville songen «Det året det var så bratt» frå 1971, har Øystein Sunde dikta opp eit år da bakkane var særs bratte. Om dei siste åra har vore like utfordrande … Les meir av Ein avlyst hyttesesong – og andre tankesprang frå reservebenken
Så tek livet ei ny retning…
Tæla er ein viktig del av draumen om eit godt pensjonistliv. Eg skal bli pensjonist. Det er rart å skrive setninga. Men no er avgjerda tatt. Eit 43 år langt kappløp med klokka nærmar seg slutten. Etter at eg fylte 62 år for eit par år sidan, har eg visst at eg kunne pensjonere meg … Les meir av Så tek livet ei ny retning…
Sein vår – og sein start på hyttesesongen
Det blir sein start på hyttesesongen i år. Mars har vore slik som den alltid er - ein retteleg vintermånad. Men sjølv om eg og Mette så langt ikkje har vore på hyttetur, er provianten komen fram. Skuterføret såg ut til å reise sin veg i starten av mars, så det vart hastverk med å … Les meir av Sein vår – og sein start på hyttesesongen
Klag ikkje på vinteren
Vinter i Robinsonmarka. Som det vintermennesket eg inst inne er, prøvar eg så godt eg kan å gle meg over dei vinterdagane som enno finst. Dystre klimarapportar og handlingslamma politikarar ber bod om sommar heile året. Sjølv her ute i havgapet er det vinter no. Eit kvitt teppe har lagt seg over vakre Bud. Da … Les meir av Klag ikkje på vinteren
2018: Flytting til Bud og møte med musikklegender
Eg startar den første bloggen i det nye året med eit sitat fra den amerikanske forfattaren Dave Weinbaum, som seier: "Hemmeligheten til et rikt liv er å ha flere begynnelser enn avslutninger." Orda høver godt ved inngangen til eit nytt år. Vi avsluttar eit kapittel, samstundes som mange nye sider ligg framfor oss. I forvissinga … Les meir av 2018: Flytting til Bud og møte med musikklegender
Det går ikkje så verst…
Bud. Hit går det an å flytte. For mange år sidan, det er sikkert både tjue og tretti, sat eg på ein restaurant i Bud og inntok ein betre middag. Eg kikka ut gjennom glaset og tenkte med meg sjølv: Den som hadde fått bu her. No viser kalenderen 2018, og eg bur faktisk i … Les meir av Det går ikkje så verst…
Ei musikalsk pilegrimsreise til Drammen
Ei investering som skulle kome til å bety mykje. Når Procol Harum spelar i Drammen 1. februar, vil det vere to kvennbøgardingar i salen. Underteikna og broder Ole Magne er på musikalsk pilegrimsferd. 43 år etter at vi første gong opplevde Procol Harum i Studentersamfundet i Trondheim, skal vi kjenne på felles røter og leve … Les meir av Ei musikalsk pilegrimsreise til Drammen
Tre år med utsyn frå Fintenkjarplassen
Utsikt frå Fintenkjarplassen mot Sul-toppane. Det er tre år sidan denne bloggen såg dagens lys. 1. februar 2015 gjekk den første epistelen på lufta. I tida etterpå har det vorte rundt 120 betraktningar om stort og smått. Som avisredaktør i 35 år har eg skreve fleire tusen leiarartiklar og kommentarar. Eg har meint mykje om mangt … Les meir av Tre år med utsyn frå Fintenkjarplassen
Tankar og tal ved årsskiftet
Bud, med utsikt mot Bjørnsund. Her kan ein landkrabbe trivast. 1. januar er berre ein dato, og alderen din er kun eit tal. Likevel, åra går. Ved eit årsskifte blir det uvilkårleg til at ein stoppar opp. Ser litt tilbake. Vender blikket motsett veg, og ser framover. Korleis blir det nye året? For meg er … Les meir av Tankar og tal ved årsskiftet