50 år har gått sidan Magne Myrmo vart den siste verdsmeisteren på treski. 1974 skulle likevel bli det året da glasfiberskia slo igjennom for alvor. Norge stod som vanleg med begge beina trygt planta i bakstreveriet, og var ikkje førebudd i det heile tatt.
Kategori: Skisport
Romjulsminne: Toppen-ski i florlett nysnø
Testing av nye ski i romjula var eit høgtidsstemt ritual i oppveksten. Knapt noko anna var viktigare enn å ha ski som passa og var i orden.
Gode NM-minne – og ein streng doktor
Johan Sætre leverte to nær perfekte hopp under NM i 1982. Foto: Stein Berg, Østlendingen. (Bilde frå Nasjonalbiblioteket sitt arkiv). Etterjulsvinteren 1964 hadde eg gledd meg i mange veker til å sjå hopp-NM på fjernsynet. Så vart eg sjuk og sengeliggande. Frykta spreidde seg verre enn feberen i kroppen. Ville eg kome meg opp av … Les meir av Gode NM-minne – og ein streng doktor
Den vakraste historia
Idretten gir oss mange vakre historier. Ei av dei vakraste fekk vi søndag 28. mars 2021, da Halvor Egner Granerud kunne løfte krystallkula over hovudet som synleg bevis på at han var vinnar av verdscupen i hopp. Når alt kjem til alt, finst det berre tre idrettar: Skihopping, skihopping og skihopping. Andre greiner er for … Les meir av Den vakraste historia
Er glansen rundt VM like sterk som før?
Bjørn Wirkola vann to VM-gull i 1966. Vi er inne i ein hektisk VM-periode. Alpinistane og skiskyttarane er ferdige med sine meisterskap. No står nordiske greiner for tur. I alpint vart det gjennomført 13 øvingar, og i skiskyting 12. Verdsmeisterskapen i nordiske greiner har est ut til 24 konkurransar. Talet på meisterskapsøvingar har auka jamnt … Les meir av Er glansen rundt VM like sterk som før?
Da langrennseliten kom til bygda
På 60-talet var det ikkje ofte vi såg langrennsløparane på TV. Sett bort frå meisterskapa, måtte folk halde seg til radioen. No var det slett inga dårleg erstatning. Bjørge Lillelien bringa spenninga inn i stua på ein måte som gjorde at folk satt klistra til apparata. Ei femmil med intervallstart varte mellom tre og fire … Les meir av Da langrennseliten kom til bygda
Hoppjentene er utsett for rein kvinnediskriminering
Skjermdump frå VG. Fredag 19. desember får kvinnehopparane endeleg starte sesongen. Det skjer i Ramsau i Østerrike. Rennet stod ikkje på den opprinnelege terminlista, men har på initiativ frå Østerrike kome i stand for å redde litt av stumpane av førjulssesongen. Deretter er ikkje neste konkurranse før 22. – 24. januar. Da vil herrehopparane ha … Les meir av Hoppjentene er utsett for rein kvinnediskriminering
Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Seefeld. For meg er staden uløyseleg knytta til vinter-OL i 1964. Innsbruck var arrangørby for leikane, og i Seefeld, som ligg to mil lenger vest, gjekk alle øvingane i nordiske greiner. No skal alpelandsbyen arrangere ski-VM. Gamle idrettsheltar på papp. Skihopparane er øvst frå v. Hans Olav Sørensen, Toralf Engan, Thorbjørn Yggeseth, Torgeir Brandtzæg og … Les meir av Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Var Kankkonen nedi med handa?
Veikko Kankkonen. Eg er klar for mitt 16. vinter-OL. Det første, leikane i Squaw Valley i 1960, må eg innrømme at eg ikkje har noko minne om - eg var berre fire år den gongen. Innsbruck-OL fire år seinare, derimot, sit som spikra i skolten den dag i dag. Hovedgrunnen er nok at vi … Les meir av Var Kankkonen nedi med handa?
Hopping frå ein annan planet
Stor laurdag framfor fjernsynsapparatet. 1966 var eit stort år for norsk hoppsport. Bjørn Wirkola vann begge renna under VM i Oslo, og heilt på slutten av året starta han på si hittil uslåelege seiersrekke i Hoppuka. I tillegg sette karen frå Alta verdsrekord med 146 meter i Vikersund. Eg hugsar rekordhoppet som om det var i … Les meir av Hopping frå ein annan planet