Rundt om i Bud er det også sett opp fyrlykter. Dei er eit fint trivselsinnslag, ikkje minst i den mørke årstida. Lyktene gjer det vakre Buaværet enda meir triveleg.
Kategori: Politikk
Svelge kamelar eller halde for nasen?
Måndag 8. september skal eg gjere mi borgarplikt. Eg har stemt ved kvart val sidan 1977. For seks år sidan var eg på nippet til å la vere. Men ei bestemt kone ga ordre om at eg hadde å kome meg til stemmelokalet. Så da vart det slik.
«Å være i kommunestyret betrakter jeg som en frikveld»
I den grad arbeidet i kommmunestyret måtte vere frikveldar, kan ein trygt slå fast at denne fritida før i tida kom karane til gode. På dette bildet av Surnadal kommunestyre anno 1964 er Eli Skei einaste høne i korga. (Bildet er henta frå Facebook-sida Surnadal i bilder). Kommunestyremøte midt i fjøstida kan vere eit problem … Les meir av «Å være i kommunestyret betrakter jeg som en frikveld»
Ingenting er enklare enn å sitte på utsida og slenge med leppa
Lokalpolitikarane våre har frivillig stilt seg til disposisjon, og må vere førebudd på alle dei utfordringar som følger med det å vere folkevalt. Det trur eg da også at alle som sit i kommunestyra rundt om i Norge er innstilt på.
Sosialisten som velta Gerhardsen
Regjeringar kjem og går. Årsakane kan vere fleire: Ei regjering kan miste fleirtalet i folket ved val, eller bli kasta av stortingsfleirtalet midt i ein periode. Nokre regjeringar går i oppløysing på grunn av indre strid, med andre kastar korta frivillig. Variantane er mange.