Åtte år med langpendling til og frå jobb fekk meg til å gjenoppdage NRK radio sine morgonsendingar. Når folk no spør meg meg om eg ikkje er glad for at det er slutt med all kjøringa, så kan eg ikkje svare eit blankt ja på det. Det er faktisk slik at eg tek meg i … Les meir av Eit ritual med politikk og gudsord
Kategori: Media
Kor smaklaus går det an å bli?
Dei heilage spelelistene styrer det meste av radiomusikken på NRK i dag. Listene ser ut til å vere ufråvikelege, uansett kva programmet handlar om. Alle program skal fyllast med «låtar». Når eg ikkje sluttar å irritere meg over dette, har det kanskje med alder å gjere. Eg veit ikkje. Men i alle fall er det … Les meir av Kor smaklaus går det an å bli?
«Jul på Nordmøre» for 82. gong
Medan dei fleste vel knapt har tenkt på å starte med juleførebuingane, er eg allereie så godt som ferdig med ei av dei aller viktigaste oppgåvene som skal vere i hamn før jul. "Jul på Nordmøre" årgang 82 er berre eit par korrekturrundar unna å bli sendt til trykking. Eg har vore med i skriftstyret … Les meir av «Jul på Nordmøre» for 82. gong
Eit strømlaust liv
"Hytter uten strøm" heiter ei gruppe på Facebook. Dette er eit triveleg forum å delta i for oss som har hytte litt utanfor allfarveg. Millionpalass i store hyttefelt kan sikkert ha sin sjarm. Men Mette og eg ville ikkje ha bytta med nokon. Etter at vi tok til å klikke oss rundt på "Hytter uten strøm", … Les meir av Eit strømlaust liv
To mann – tre aviser
Det vart nettrekord. Det er torsdagskveld. Eg skriv denne epistelen mot slutten av ei arbeidsveke som er av dei mest spesielle eg har vore gjennom som redaktør i Aura Avis. 21 år i avisa har bydd på mykje rart og uventa. Men aldri før har eg opplevd at redaksjonen i ei heil veke har vore … Les meir av To mann – tre aviser