Vi ferierer på tredje dagen på Tæla. Tida går sakte, men livet lever. Vi puslar i og rundt hytta, hogg litt ved og går turar.Vêret kunne ha vore betre. Men vi har og opplevd verre. Når ein kan ta kaffekoppen etter endt vedøkt ute på verandaen, er det ingen grunn til å klage.I dag vart … Les meir av Sakte sommardagar på Tæla
Kategori: Hytteliv
Eit vårleg ritual
Livskvalitet. Frokost før skituren. Er du toillåt når du brukar solrike maidagar til å gå på ski i fjellet? Mange meiner nok det. Sjølv har eg, av naboar, vener og andre, ofte fått høyre at eg er både toillåt og stæntoillin, sidan eg har denne vanen at eg dreg til fjells for å gå på … Les meir av Eit vårleg ritual
Drømmepåske
Tur til Skarvan. Flott ver og upåklageleg utsikt. Det vart ei drømmepåske utan like. Eg og Mette kom til Tælastuå onsdagskvelden før påske, og forlet hytta 2. påskedag. Bortsett frå nokre snøbyger, som heldigvis kom på kveldstid, hadde vi sol frå første til siste minutt. Eg har opplevd fine påskehelger på Tæla før. Men ikkje … Les meir av Drømmepåske
Hopprennet i fare – men alle er velkomne
Slik er det sjeldan ein ser Tæla i starten av april. Det ser mørkt ut for spretthopprennet på Tæla 1. påskedag. Tilløpet er allereie for det meste bart, og snødjupna i landingsfeltet, der ymse former for nedslag vert praktisert, er neppe meir en 20 - 30 centimeter. Ikkje ein gong karar som Sigbjørn Hausberg er … Les meir av Hopprennet i fare – men alle er velkomne
Tæla-påske for 25. gong
Påskestemning på Tæla. Dette bildet er frå 2013. Det stundar atter mot påske på Tæla. For 25. året på rad blir det påskefeiring i Tælastuå. Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan vi forventningsfulle og spente rusta oss til den første påska. Men det var altså i 1993. Tida går fort. Det har vore mange … Les meir av Tæla-påske for 25. gong