Eg skriv denne epistelen fredag etter Kr. Himmelfartsdag. Den dagen som på moderne norsk er ein "inneklemt fredag". Ein dag da folk avspaserer, har heimekontor eller innvilgar seg sjølv ein fridag dei meiner å ha fortent. Sjølv høyrer eg inn under sistnemnde kategori, sjølv om det strengt tatt er opp til andre å avgjere om … Les meir av Inneklemt – men ikkje innestengt
Kategori: Hytteliv
Eksplosjon i fjellet
Det er laurdag ettermiddag. Eg sit på hytteverandaen og ser utover eit landskap som i løpet av den siste veka har gjennomgått ei utruleg forvandling. For ei veke sidan lava snøen ned her, og alt var kvitt. Vi måtte bruke ski for å kome fram. I dag gjekk vi sommarstien til fots. Stølen er bar, … Les meir av Eksplosjon i fjellet
Ein tung tur – men livet er ikkje så verst
Da vi kom fram til hytta, var vi einige om at det ikkje hadde vore ein fin tur. Slik kan mai også vere. Denne helga skulle vi på hyttetur, koste kva det koste ville. Veret stoppa oss for ei veke sidan, så no var det verkeleg på tide med ei hyttehelg igjen. Etter ein rekordvarm … Les meir av Ein tung tur – men livet er ikkje så verst
Ein ny hyttesesong i emning
Vi veg-, vatn- og straumlause hytteeigarar nærmar oss sakte ein ny sesong. Siste turen til Tælastuå i fjor var i slutten oktober. Om halvannan månad, eller der omkring, kjem den første overnattingsturen for året. Det er eit tidsskilje i livet og året. Ein draum. I snaue fem månadar må Tælastuå klare seg på eiga hand, … Les meir av Ein ny hyttesesong i emning
Sistkveld i Tælastuå
Sakte sig sistkvelden på her oppe på Tæla. I morgon er ein lang og minnerik hyttesesong slutt. Tida fer fort. Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan den første turen i år, som var midt i mars. Sidan Tælastuå står på ein seterstøl, tykkjer eg det passar godt å bruke ordet sistkveld. I gamle dagar … Les meir av Sistkveld i Tælastuå
Haust, messefall og krabbe
Mellom bygene vart det ein rusletur langs Fossåa. September berre forsvann. Dei to første vekene levde vi det gode liv på Kreta. Dagane som har gått etter at vi kom heim tok vinden og regnet. Ofte er det slik at ingen månad kan måle seg med september. Eg brukar å seie at dersom veret slår … Les meir av Haust, messefall og krabbe
Det gode liv i døropninga
Godt nøgd med meg sjøl, sit eg i døropninga på hytta og let tankane fare. Kvifor eg er så nøgd? Det er fordi eg rakk å gje ytterdøra eit påkrevd strøk med beis før regnet kom. No regnar det. Men takka vere at hyttebyggar Peder i si tid laga eit ekstra langt utspring på taket … Les meir av Det gode liv i døropninga
Hytteliv – uansett ver
Det er fredag ettermiddag. Vi er på veg til hytta. Regnet slår mot frontruta. Meteorologane spår skybrot seinare på kvelden. - Det er kanskje muleg å finne dei som hadde avlyst hytteturen med slike verutsikter, seier eg til min beste halvdel. Ho sit i setet ved sida av og strikkar. - Heilt sikkert. Men den … Les meir av Hytteliv – uansett ver
Tidleg sommar – carpe diem!
Kalenderen viser 2. juni og Tæla er snart grøn. Noko slikt har eg ikkje opplevd før. Sommaren er alt komen - fleire veker før tida.Vanlegvis er landskapet her oppe brunt i byrjinga av juni. Ja, det kan også vere snø. For 23 år sidan gjekk folk på ski over stølen den første veka i juni. … Les meir av Tidleg sommar – carpe diem!
Naturen lurte meg
Eg trudde det skulle bli sein vår i fjellet i år. Men naturen lurte meg. Eg sit for meg sjølv på hytteverandaen, og ser at i løpet av halvanna veke har det har skjedd ein revolusjon her oppe.Da eg forlet hytta 1. mai, låg snøen meterdjup heilt inn til hytteveggen. Det var skiføre til langt … Les meir av Naturen lurte meg