Det går på haustlege gjeremål for tida. Redigeringa av Jul på Nordmøre er unnagjort. I helga skal eg legge siste hand på årsskriftet til Stangvik historielag, slik at Åge på Mediahuset får starte det grafiske arbeidet.
Kategori: Haust
Hurtigruta, hausten og formuesskatten
Hurtigruta glir forbi. Ho har sin eigen syklus. To gongar i døgnet kan vi i Bud sjå desse staselege skipa, som har trafikkert langs kysten vår sidan 1893.
November: Det er betre å tenne eit lys, enn å forbanne mørket
Likar du våren, samtidig som du opplever hausten som håplaus og dyster? Da er du i tilfelle på parti med mange. Vi som har ei omvendt oppfatning, er meir som ei utgruppe. Vi tør nesten ikkje å seie det høgt. Men det får stå sin prøve: Eg høyrer med blant dei som kosar meg med … Les meir av November: Det er betre å tenne eit lys, enn å forbanne mørket
Hausten er meir enn ein fotballkamp
Kva ville vel hausten har vore her i Norge utan cupfinalen? Ikkje uventa var det den legendariske sportskommentatoren Arne Scheie som ein gong stilte dette spørsmålet. For mange fleire enn Scheie er nok ein haust utan cupfinale utenkeleg. Men i år skjer det altså. Cupfinalen 2021 skal ikkje spelast før 1. mai 2022. Til og … Les meir av Hausten er meir enn ein fotballkamp