Det gjer godt å komme seg utaskjærs - sjølv for pensjonistar som på papiret har ferie heile året. Livet går sin sakte gang her på Kreta, og byr på dagar nokså fjernt frå den heimlege tralten.
Kategori: Ferie
Frå late feriedagar til julehefte og boklansering
Etter to veker på Kreta har vi to i Robinsonmarka 26 vendt tilbake til kvardagen. No ventar arbeid med to julehefte og lansering av bok.
Ferieturar før og no: Frå primus til seks rettar
Mitt første prospektkort. Motivet er Dombås. Snusfornuftig som eg var, prøvde eg å finne eit kort som ga god oversikt. Det var jo uvisst når ein kunne få sjå att ein plass som låg så langt unna. Ferietur. I oppveksten var ordet nesten omgjeve av ein slags eksotisk mystikk. Den årlege bilturen med to-tre overnattingar … Les meir av Ferieturar før og no: Frå primus til seks rettar
Nummer 40
Landsbyen Agia Foteini ligg på Kreta, eit stykke oppe i fjellandskapet midt inne på øya. Det er ikkje meir enn eit par veker sidan eg og min beste halvdel gjorde ein stopp i landsbyen, på vår årlege biltur på Kreta. Slik bur også ein europear anno 2019. Ein sydentur handlar mykje om strandliv, avslapping og … Les meir av Nummer 40
Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten
Vi er midtvegs i Kreta-ferien vår. Dagar går. Dagar kjem. Så langt har tida fått bestemme farten på tilværet. Vi har ikkje blanda oss borti. Berre levd. Platanias er vår perle. På denne kaotiske, søvnige, hektiske og sjarmerande staden, der ingen kommuneplanleggar kan ha sett sin fot på mange tiår, har eg og Mette slått … Les meir av Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten
Like bra som Mount Everest – bortimot…
Fossafjellet sett frå seterstølen på Kvennbøtæla. Den som ragar berre 786 meter over havet, har kanskje ikke så mykje å skryte av. Galdhøpiggen strekkjer seg tre gongar høgare mot himmelen, og den største av alle majestetar, Mount Everest, heile elleve gongar meir til vers. Nei, Fossafjellet gjer ikkje så mykje av seg, verken på globusen eller på … Les meir av Like bra som Mount Everest – bortimot…
Kortreist ferieglede
Eit over femti år gammalt prospektkort frå Strynefjellvegen. Kortet vekkjer mange gode minne. Så blir det ein kortreist ferietur i år også. Eg og Mette har gjort slike utflukter til vår eigen spesialitet. Vi er ikkje heimefrå meir enn to - tre døgn, og tilbakelagte kilometer er slett ikkje all verda. Men erfaringa er denne: … Les meir av Kortreist ferieglede
Eldbrenning og gebursdagsfeiring
Eldbrenning først på 60-talet. Bloggskrivaren lengst til venstre, og deretter Ingeborg og Otto Schwarzer saman med Ole Magne Ansnes. Lengst til høgre ein turist frå Tyskland, som kom på sommarbesøk saman med Schwarzer-folket. Han heitte Adolf, men insisterte på å bli kalla Dolf. Adolf-namnet var så belasta at han ikkje ville bruke det. Foto: Gudrun … Les meir av Eldbrenning og gebursdagsfeiring
Seremoni mot sommar
Livskvalitet, Sommarsesongen på Tæla er i gang. No er liene berre, og sakte men sikkert skiftar fjellandskapet frå brunt til grønt. Borti Bollknubben blir dei minkande snøfonnene til rare figurar. Prosessen er alltid den same. Det er som ein høgtideleg seremoni. Snødjupna oppe på Tæla kan variere sterkt. For ein månads tid sidan tykte eg det såg … Les meir av Seremoni mot sommar
Møte med ei eldgammal kjempe
Dette oliventreet er det eldste i verda. Det står i landsbyen Ano Vouves på Kreta, og ber alderen sin, 3.500 år, på imponerande vis. Framleis produserer treet oliven! Stammen har ein omkrets på 12,5 meter og ein diameter på 4,6 meter. Ei kjempe, rett og slett. Eg og Mette besøkte Ano Vouves under Kreta-ferien … Les meir av Møte med ei eldgammal kjempe