Tæla med haustkåpa på. Tælastuå midt på bildet. Det vart Tæla-tur denne helga også. Frå fredag kveld til søndag hadde eg det haustkledde landskapet for meg sjølv. Det er noko særeigent med å vandre opp liene ein haustkveld, og til slutt skimte hytta som ligg og ventar i mørket. Denne gongen fekk eg i tillegg … Les meir av Ei helg som eremitt
Kategori: Blogg
Still opp for flyktningane!
Idet eg skriv dette har NRK nettopp levert eit framifrå dugnadsprogram til inntekt for flyktningane. Frå Fintenkjarplassen går det no ut ei oppmoding til alle om å støtte aksjonen. Gje etter evne. Pengane går til menneske som er i ein situasjon som vi i pengebingen er ute av stand til å sette oss inn i. … Les meir av Still opp for flyktningane!
Høgtid og mykje arbeid
Tysdagsavisa er ferdig. Eg har vore på jobb i over åtte timar. Det er om lag like mange timar att av arbeidsdagen - eller kanskje meir. Ei valnatt krev sitt. Valnatt er høgtid for den som er politisk interessert. Sist laurdag mimra eg litt over ymse opplevingar knytta til val gjennom 38 år som mediamann. … Les meir av Høgtid og mykje arbeid
Det angår oss alle
Fintenkjarplassen er partipolitisk nøytral grunn. Det hindrar likevel ikkje at den luftige utsikta av og til kan gje inspirasjon til tankar som strekkjer seg inn i problemstillingar knytta til det aktuelle nyheitsbiletet. I dag finst det ikkje saker som er meir aktuelle enn flyktningkatastrofa som no herjar like utanfor stuedøra vår - ikkje langt unna … Les meir av Det angår oss alle
Reformert utsikt?
Utsikt frå hytteglaset. Frå hytteglaset oppe på Kvennbøtæla har eg utsikt til mange kommunar. Forutan Surnadal ser eg til Sunndal, Tingvoll, Molde, Gjemnes og Averøy. No arbeider sterke krefter for å reformere utsikta mi. Går det som dei mest ivrige ønskjer, vil heile panoramaet i framtida tilhøyre anten Molde eller Kristiansund. Robust og demokratisert skal … Les meir av Reformert utsikt?
Ventetankar
Utsikt ein onsdagskveld. Stort lenger unna den fred og ro som herskar oppe på Fintenkjarplassen kjem eg ikkje enn dette. Eg sit på Gardermoen og ventar på eit fly som ikkje har tenkt seg til Molde før klokka ti på ti i kveld. I skrivande stund er det meir enn to timar att av ventetida. … Les meir av Ventetankar
Like før vi lettar
Chania. Det er ikkje alle på jorda som bur i bustadfelt konstruerte av fantasilause byråkratar. Da er det straks Rhodos neste. Laurdag ettermiddag lettar flyet frå Årø, og det ber til himmels inn i den siste ferieveka. Av og til får eg spørsmålet: "De som har hytte på fjellet, kvifor reiser de til Syden?" Svaret … Les meir av Like før vi lettar
Dette har vi opplevd før
Ein ikkje heilt uvanleg utsikt frå hytteglaset under mi eremittveke på Tæla. Verre enn dette kan det vel ikkje bli! Kor mange gongar har vi ikkje høyrt nokon seie det i sommar. Å ja, folk som uttrykkjer seg slik talar om veret. Dette fenomenet som alle meiner noko om, men som ingen greier å temme. … Les meir av Dette har vi opplevd før
Et ferieminne
Her ender veien på Norddyrøy. Atlanterhavet neste. - Kan bilen stå her i fem minutter uten å bli tauet bort?- Fem minutter? Den kan stå i ti år. Jeg og min bedre halvdel er på biltur. Vi er kommet til Norddyrøy på Frøya. En utpost, der veien og verden ender. Snuplassen er merket med "parkering … Les meir av Et ferieminne
Alle snakker om været…
Det finnes mye fint og fascinerende styggvær - ikke minst i Romsdal. Men det hadde vært trivelig å få ta noen godværsbilder også... .. og nå er det endelig noen som ser ut til å gjøre noe med det. Jeg vet ikke hvem. Men i alle fall har det dukket opp noe som ligner på … Les meir av Alle snakker om været…