Sultoppane, Gråfjellet og Bollknubben er stødige naboar. Påska 2016. Eg anar ikkje kor mange gongar eg har fotografert Sula og Bollknubben frå hytta. Truleg dreier det seg om tusenvis av eksponeringar. Blir du ikkje lei av dette motivet, kan dei som er saman med meg spørje. Svaret er nei. Eit tilleggssvar er dessutan: Motivet … Les meir av Alltid til å lite på
Kategori: Blogg
Kortreist jugendoppleving
Hotel Brosundet. Atmosfære og trivsel. Ålesund er ein av dei finaste byane i landet. Og definitivt blant dei trivelegaste. Eg og Mette har gjort det til ein liten tradisjon å ta ein årleg weekend i jugendbyen. Programmet er enkelt: Vi bur godt, og kostar på oss litt ekstra når det gjeld mat og drikke. Så er det handel, … Les meir av Kortreist jugendoppleving
På gammeldags vis
Kvennbøtæla i sin finaste påskeskrud. Eg er ein ivrig brukar av fjellet. Kvar årstid har sin sjarm og sitt særpreg. Men påskehelga er det noko heilt spesielt med. Påska er så mykje samla i eitt: Høgtid, tradisjon, ferie og naturoppleving. I sum vert dette balsam for kropp og sinn. I desse dagar strøymer tusenvis at nordmenn … Les meir av På gammeldags vis
Vegvisaren er borte
Ein gnist. Det var det vesle som skulle til. Nokre takter av Tarkus. Eller kanskje var det Promenade. Eg hugsar ikkje heilt. Det er så lenge sidan. Men Keith Emerson sine tangentar skapte ein eld. Eg har kjent varmen i 45 år. Fredag 11. mars 2016 døydde mannen som viste meg vegen inn i musikken. … Les meir av Vegvisaren er borte
Burgeren tok kaka
Stor stemning i Holmenkollen. I helga var eg så heldig å få oppleve eit par dagar med VM i skiskyting i Holmenkollen. Å sjå rennet "live" er heilt annleis enn å sitte framfor TV-apparatet. På stadion er det rett nok ikkje berre lett å halde seg fullt orientert om utviklinga i konkurransen - der er TV-sendinga uslåeleg. … Les meir av Burgeren tok kaka
Ikkje vennelaus
Eg er 22 timar inne i mitt 61. år. Er det ikkje verre enn dette å kome opp i 60-åra, har eg god tru på at det skal gå bra. Så langt har livet som gammelkar handla om kaffelag, fine gåver og ein straum av trivelege gratulasjonar på Facebook. Sist eg sjekka var talet på helsingar … Les meir av Ikkje vennelaus
Ei stadig aktuell bok, dessverre
I min kommentarspalte i Aura Avis drodlet jeg sist lørdag litt rundt fenomenet tid. Om kampen mellom den korte og den langsomme tiden. Siden det er skuddårsdag, kan epistelen passe her på Fintenkjarplassen: For femten år siden ga Thomas Hylland Eriksen ut boka «Øyeblikkets tyranni». Den har beklageligvis ikke gått ut på dato. Tvert imot, Hylland Eriksens … Les meir av Ei stadig aktuell bok, dessverre
VM-jubileum
I dag, 17. februar, er det på dagen femti år sidan ski-VM i Oslo i 1966 starta. Eg var berre ti år den gongen, men hugsar det meste som om det var i går. Framleis kan eg ramse opp dei fleste medaljevinnarane, i alle fall på herresida, utan å bruke oppslagsverk. Sportsinteressa hadde for lengst festa … Les meir av VM-jubileum
Slutt på kosen
Kommunereforma ga grobotn for mykje interkommunal koseprat - ei stund. Men no har det vorte alvor. Medan ordførarane for eitt år sidan flørta og sendte pirrande meldingar til kvarandre gjennom aviser og sosiale media, brenn det no under føtene på mange av dei. Det er slutt på uforpliktande kjærteikn. Kommunereforma er eit spel der dei fleste … Les meir av Slutt på kosen
I skoddeheimen
Eg og Mette var oppe i Holmenkollen i mars i fjor. Da var det sol - og ikkje hopprenn. Nikkersadelen fekk viljen sin til slutt, og 1,8 milliardar kroner vart pakka inn i skodda i Holmenkollen. Den nye Holmenkollen er eit imponerande anlegg. Men den fungerer ikkje som skiarena. I år vart nok ei skihelg øydelagt, … Les meir av I skoddeheimen