Det er ikkje alle som blir gjort stas på med ein prolog. Eg var så ufortent heldig å få opplevde dette, da boka mi vart presentert på fintenkjarkvelden i Myrvang før jul. Prologen var forfatta av min gode venn Torbjørn Polden, som opna kvelden med å lese opp prologen.
Kategori: Blogg
Historia om ein leiteaksjon: Plutseleg var telefonen borte…
Det meste var enklare før i tida. Da hadde ingen mobiltelefon. Telefonen var eit høgst stasjonært remedium, gjerne plassert sentralt i huset. Folk hadde ikkje høyrt om verken pinkode eller passord. Likevel er alt så mykje meir lettvint i dag – nettopp takka vere mobiltelefonen. Så lenge du veit kor den er. Dette er ei … Les meir av Historia om ein leiteaksjon: Plutseleg var telefonen borte…
Strigla kjendisar og politikarar i A4-format
Medan eg, i alle fall i overført tyding, inntek Fintenkjarplassen, strøymer toppar frå politikken, PR-bransjen og andre "fancy" næringsgreiner til Arendal. Her skal dei mingle, lobbyere og skjenke kvarandre fulle i ei heil veke til endes. Skal ein kome opp og fram her i verda, gjeld det å vere på rett plass til rett tid. Ein feit … Les meir av Strigla kjendisar og politikarar i A4-format
Det gjekk godt
Heile lasten var på plass da eg runda hyttenova. Da er hyttesesongen i gang. Den offisielle åpninga skjedde tysdag denne veka, med skutertransport opp frå Nordviksetra. Det vil vere ei overdriving å seie at vi var heldige med ver og føre, men alt gjekk godt til slutt. Ein stor takk til vår faste og alltid … Les meir av Det gjekk godt
Guttunge for ein kveld
Av og til er det godt å kjenne på at ein faktisk ikkje har vorte heilt vaksen. At ein framleis finn rom for berre å ha det gøytt. Eg og eldste bror min, kultursjefen, vaks opp svært tett på kvarandre. Krydra med litt krangel og slåsting, var det eit tilvere fylt av leik, friluftsliv og idrett … Les meir av Guttunge for ein kveld
Ein umusikalsk nasjonalist
Denne utsikta ville heilt sikkert ha gjort Donald Trump til ein betre kar. Umusikalsk og heilt utan rytme. Donald Trump framsto under presidentinnsettinga som ein stor trebukk på dansegolvet. Alt tyder på at han kjem til å styre USA på same viset. På Facebook har eg kalla presidentinnsettinga i USA "absurd teater". Det verkar framleis … Les meir av Ein umusikalsk nasjonalist
Trøyst mot Trump
Store trær er fint og riktig gamle hus er fint, men enda bedre - fjell Som ikke flytter seg en tomme om hele verden enn forandres Diktaren Rolf Jacobsen fekk aldri oppleve Donald Trump. Men på nesten profetisk vis skreiv han diktet "Mere fjell", som linene innleiingsvis er henta frå. Snart skal ein styrtrik tulling … Les meir av Trøyst mot Trump
Den gongen meisterskapa var høgtid
Kees Verkerk på veg mot OL-gull på 1500 meter i Grenoble i 1968. Bildet er klipt ut av Adresseavisen. I helga har det vore EM på skøyter. Eg følgjer med, men opplever samstundes at noko av den mytiske auraen som desse meisterskapa i gamle dagar var omgjevne med, no er borte. Hovedårsaka til det … Les meir av Den gongen meisterskapa var høgtid
Mykje å glede seg over i 2016
Sommaridyll ved Fossåa. 2016 er historie. Når eg startar på desse linene er det 11 timar att av eit år som har innheldt både opp- og nedturar. Som alle andre år. Personleg er eg glad for å kunne slå fast at kroppen og hovudet framleis heng med, og at dei rundt meg har det bra. … Les meir av Mykje å glede seg over i 2016
Når prinsippa ender i intoleranse
Som liten gut høyrde eg ofte mi nøysame og gudfryktige oldemor, født i 1883, seie at det var "sist i verdens tid." Det ho meinte, var at verda heldt på å gå av skaftet, med radio, TV, bilar og andre luksuriøse innretningar. Den gamle opplevde nok 1960-tallet som ein stor, uanstendig forbruksfest. Oldemor var ikkje den … Les meir av Når prinsippa ender i intoleranse