Gå til innhald
Ukjend's avatar

FINTENKJARPLASSEN

Lars Steinar Ansnes

  • Home
  • Kontakt

Skribent: Lars Steinar Ansnes

Eg har vore lokalavisredaktør i ein mannsalder. Opp gjennom åra har eg meint mangt om utruleg mykje. No er eg pensjonist, men har ikkje tenkt å legge ned pennen.

Har vi grunn til å vere redde?

Før i tida var det for folk flest i Norge ikkje så veldig nøye kven som var amerikansk president. Vi visste at uansett kven som hamna i det ovale kontoret i Washington, D.C., ville det vere ein president vi kunne kjenne oss trygge på.

Lars Steinar Ansnes Trump Kommenter innlegget 23. januar 2025 4 Minutes

Sterkt møte med den brutale krigen

Kvelden den 16. januar bruka eg til å få med meg foredraget til Yama Wolasmal på Storyville i Molde. Han er NRK sin korrespondent i Midtausten.

Lars Steinar Ansnes Krig Kommenter innlegget 19. januar 202521. januar 2025 3 Minutes

Ny sjanger på Fintenkjarplassen: Nyttårsintervju med ein deltakar

Dette blogginnlegget er ei slags privat oppsummering ved årsskiftet, skrive som eit nyttårsintervju med meg sjølv. Nyttårsintervju med ein deltakar er truleg ikkje så vanleg. Men for ein gammal bladfyk er det godt å for ein gongs skuld vere herre over både spørsmål og svar.

Lars Steinar Ansnes Nyttår Kommenter innlegget 7. januar 20257. januar 2025 7 Minutes

Plutseleg vart eg ein av mange i huset

Til kvardags er det berre ein nisse her i huset. No har vi vorte heile 113.

Lars Steinar Ansnes Jul Kommenter innlegget 23. desember 202423. desember 2024 2 Minutes

Stabbesteinar i livet

Advent og jul er rituala si tid. For mange av oss handlar julestria og feiringa av høgtida om å gjere akkurat det same som i fjor. Og alle år før det igjen.

Lars Steinar Ansnes Jul Kommenter innlegget 18. desember 202419. desember 2024 3 Minutes

Trim i morgonlys

Å gå ei ein morgonrunde i Buaværet er ein livgivande start på dagen. Det er alltid eitt eller anna med lyset her ute ved havet. Bestandig er det noko som fangar deg.

Lars Steinar Ansnes Bud Kommenter innlegget 9. desember 20249. desember 2024 1 Minute

Åtte månader med hytteliv i ord og bilde

Nesten på dagen åtte månader gjekk det frå første turen til Tælastuå i år, før sesongen vart avslutta. Gunnar Nordvik køyrde opp varer med skuter den 9. mars. 8. november sa eg farvel til Tæla for i år.

Lars Steinar Ansnes Hytteliv Kommenter innlegget 25. november 202426. november 2024 4 Minutes

Den siste turen i år

Ein kan jo aldri vite korleis vergudane ter seg i vekene fram mot jul. Men ut frå erfaring veit at dagsturen til Tælastuå 8. november nokså trygt kan kallast den siste hytteturen i år.

Lars Steinar Ansnes Hytteliv Kommenter innlegget 12. november 202412. november 2024 2 Minutes

Laika vart verdsberømt, men betalte ein høg pris

Laika fastspent i Sputnik 2. Bildet er henta frå avisa Pravda. 3. november 2024 er det på dagen 67 år sidan den sovjetiske satellitten Sputnik 2 vart skoten opp. Om bord var hunden Laika. Laika vart det første levande vesen i bane rundt jorda.

Lars Steinar Ansnes Romfart Kommenter innlegget 3. november 20243. november 2024 2 Minutes

Ustrukturerte tankar og rare observasjonar frå 19C

Eg sit på sete 19C, ut mot midtgangen. Mette har 19A og vindusplass. Vi har ingen mellom oss. I dette flyet er det berre fire seterader, to på kvar side. Likevel har vi A og C, og ikkje A og B.

Lars Steinar Ansnes Reise Kommenter innlegget 1. november 20243. november 2024 4 Minutes

Innleggsnavigasjon

Eldre innlegg
Nyare innlegg

Dei siste innlegga

  • Døgnopen skjenking under VM- eit populistisk mageplask 21. mars 2026
  • Så bekmørkt har det aldri vore 7. mars 2026
  • Dette var ein dårleg ide 24. februar 2026
  • Ein stinkande søppelplass full av sjikane, injurier, løgn, dumskap og ekstreme standpunkt 17. februar 2026

Ønsker du å kjøpe boka «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen», så ta kontakt på tlf. 90762625 eller e-post lsansnes@gmail.com

Søk i kategoriar på Fintenkjarplassen

Emner på Fintenkjarplassen

Advent Aura Avis Avis Barndom Bergstaden Bud Desember Ferie Fintenkjarplassen Fjellet Fly Fotball Friluftsliv Gaza Haust Helse Hustadvika Hytteliv Jazz Jonas Gahr Støre Journalistikk Jul Julefeiring Julehefte Julestri Juletradisjon Klima Korona Kreta Krig Kultur Kvennbø Langrenn Media Mobiltelefon Molde Musikk Natur Netanyahu NM NRK Nyttår OL Oppvekst Pensjonistliv Politikk Putin Påske Radio Rehabilitering Reise Reiseliv Røros Ski Ski-VM Skihopp Skihopping Skisport Skøyter Snø Sommar Sport Språk Surnadal Trollheimen Trump TV Tæla Tælastuå Ukraina Unicare Vinter vinteridrett VM Vår
Blogg på WordPress.com.
FINTENKJARPLASSEN
Blogg på WordPress.com.
  • Abonner Abbonert
    • FINTENKJARPLASSEN
    • Already have a WordPress.com account? Log in now.
    • FINTENKJARPLASSEN
    • Abonner Abbonert
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter innhaldet
    • Vis nettstaden i Reader
    • Handsam abonnementa mine
    • Fald saman denne visingsruta
 

Lastar kommentarar …