
Fotball-VM i sommar blir ein folkefest. Men ikkje utan at folket har nok tilgang på alkohol. Det meiner i alle fall regjeringa, som vil tillate døgnopen skjenking i den månaden VM varer.
Politiske beslutningsprosessar tek som regel tid. Men her gjekk det plutseleg unna. Ikkje lenge etter at VM-plassen til Norge var klar, var Jonas Gahr Støre og Jan Christian Vestre ute og forkynte den glade bodskapen til oss. Dei skulle sørge for nok øl til alle, døgnet rundt.
Signalet regjeringa sender ut i denne saka er heilt håplaust. Dei seier rett fram at alkohol og fotball heng så tett saman at det er nødvendig med ei midlertidig endring i reglane for skjenking. Kommunane må no bruke ressursar på å ta stilling til denne forskriftsendringa. Det er ikkje få timar som går med til byråkratisk arbeid.
Politikarar er som regel livredde for å gjere vedtak som skaper problematisk presedens. Dei er opptekne av å styre etter prinsipp som står seg over tid. Men her har det verkeleg gått over stokk og stein.
I det som må ha vore ein slags ukontrollert gledesrus, har regjeringa enda opp med ei prinsipplaus kortslutning. Parlamentarisk leiar for Ap, Tonje Brenna, vart sendt ut i krigen i «Debatten» for å forsvare den nye alkoholpolitiske lina til partiet. Ho vart avkledd. Det kunne ikkje gå annleis.
Ja, det gjekk like gale som da Aftenposten spurte Jonas Gahr Støre kvifor dei som viser Oscar-utdelinga på storskjerm, ikkje kan få utvida nattskjenking: – Fotball er viktigare enn film, svara statsministeren.
Det er ei utsegn han neppe ønsker å bli hugsa for. Når han får tenkt seg om.
Eg ser mykje fotball. Og eg er ikkje fråhaldsmann. Eg kosar meg gjerne med ein øl til fotballkampen. Men det går også an å sjå fotball utan å drikke alkohol. Den som ikkje greier det, har vel strengt tatt pådratt seg eit betydeleg problem.
Å finne glede i å begynne på ein ny øl i femtida om morgenen etter ei lang natt på pub, er heller ikkje noko sunnheitsteikn. At regjeringa finn det formålstenleg å stimulere til slik drikking, sjølv om det berre er for ein kort periode, viser ei side ved Ap som eg ikkje visste fanst.
Folk gler seg til fotball-VM. Regjeringa sitt skjenkeforslag har derimot fått ei blanda mottaking. I store delar av landet er det langt mellom skjenkestadane. Og folk flest har eit arbeid å passe. Mange kommunar kjem til å seie nei.
Eg tippar at dette flaue og lite gjennomtenkte forsøket på å innynde seg med veljarane vil bli hugsa som eit populistisk mageplask.