Så bekmørkt har det aldri vore

Dystre tider. Men det finst glimt av lys. Foto: Lars Steinar Ansnes.

Frykteleg mykje rart og skummelt skjer i verda for tida. Eg kjenner at reaksjonen min på dette er at eg ser mindre nyheiter enn før.

Kanskje merkeleg av ein som har arbeidd med nyheiter og vore samfunnsengasjert i all sin dag. Men det går liksom ei grense for kva ein godt vaksen mann orkar å involvere seg i.

Eg held meg oppdatert, bevares. Men aldri før har eg kjent eit så sterkt behov for å kome meg unna nyheitstrykket og heller rømme inn i ei verd med natur, bok, musikk eller kva det no måtte vere. Ja, redusere dosene med krig, drap og brutalitet.

Mennesket er ein ynkeleg skapning. Vi har fått utdelt ein klode der det i utgangspunktet er nok til alle. Men evna vår til å forvalte gåva er minimal. Så bekmørkt som det er i dag, har det ikkje vore i mi tid.

Rett nok var det nære på at den store katastrofen skulle skje under den svært dramatiske Cuba-krisa i 1962. Da var eg seks år. Men John F. Kennedy og Nikita Khrusjtsjov greidde å løyse floken. Det spørs korleis det hadde gått med typar som Donald Trump og Vladimir Putin i hovudrollane – den eine med avgrensa intellektuell kapasitet og den andre kynisk som sjefen i helvete sjølv.

Kven skal løyse flokene i dag? Mange prøver. Men så lenge reine bandittar har så stor makt i verda, er det ikkje så lett å sjå enden på uføret. I Ukraina har Putin ofra fleire hundre tusen unge soldatar for å tileigne seg eit areal som tilsvarar om lag to gongar Finnmark. Det seier mykje om kor langt han er villig til å gå. Og på toppen av det heile: I Washington har Putin skaffa seg ein nyttig idiot som vel må overgå alt kva den russiske presidenten kunne ha fantasert om.

Rundt om i verda rasar det no 56 krigar. Det er ei skremmande høgt tal. Verre har det da heller ikkje vore etter 1945. Dei fleste krigane går meir eller mindre under radaren. Det er dei verkeleg store krigsherrane som stel showet. Mange lir, men blir aldri nemnt.

Nemnt blir heller ikkje dei som framleis hugsar den eksistensielle utfordringa som vi alle står over, nemleg klimakrisa. Ingen snakkar om klima lenger. Det vil seie, Stortinget har ikkje heilt gløymt saka. Nyleg sørga fleirtalet for å oppheve klimanøytralitetsmålet, som skulle sikre null netto klimagassutslipp i 2030. Det er heilt utruleg.

Temperaturen på jorda held fram med å stige. Langrenn i løyper av kunstnø på grøne marker tusen meter over havet har vorte normalen. I Oslo er talet på vinterdagar redusert frå 118 i perioden 1961 – 1990, til 96 i dag. Det same har skjedd i Tromsø. I Bodø er vinteren nedkorta med 48 dagar, og i Kristiansand frå 83 dagar til null. Klimateikna i tida er tallause, utan at det akkurat no uroar så veldig mange. I dag handlar det meste om opprusting.

Finst det likevel lyspunkt? Ja, sjølvsagt. Her i Norge kan vi til dømes gle oss over at vi har politiske leiarar som har den kompetansen og handlekrafta som skal til for å lose landet vårt gjennom utrygge tider. Statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Espen Barth Eide blir utsett for vanvittig mykje sjikane og kritikk i sosiale media. Det er uhyggeleg å sjå kor mange som faktisk på alvor meiner at vi skal stoppe støtta til Ukraina, melde oss ut av internasjonale avtalar og slutte å engasjere oss utanrikspolitisk. Altså: Dyrke den norske egoismen.

Oppskrifta er sjølvsagt livsfarleg. Når eg trekker fram statsministeren og utanriksministeren, er ikkje det for å drive kampanje for eit bestemt politisk parti. Poenget mitt er å få fram at dei representerer ein type politikarar som Norge er svært avhengig av akkurat no. Det er mange land som hadde trengt karar av eit slikt kaliber.

Så får dei som meiner at framtida ligg i egoisme og nasjonalisme meine noko anna.

Eg auser desse tungsindige tankane ut på verdsveven til tonar av den norske jazzgitaristen Eivind Aarset. Han er ein kreativ og dyktig kunstnar, som musikalsk sett ikkje akkurat har valt den breie vegen. Det passar bra. For meg er vandring i slikt terreng påfyll av optimisme og positiv energi.

Ein lynavleiar i ei formørka tid vi ikkje såg skulle kome, da vi kasta av oss covidbøra og trudde at verre kunne det ikkje bli.

Skal tru kva som har hendt medan eg skreiv denne epistelen? Eg må vel ein tur innom Dagsrevyen i kveld også.

Kommenter innlegget