
50 km langrenn for kvinner bør ikkje bli noko meir en ei kort historie. Eg kan seie det utan å bli skulda for å vere mannssjåvinistisk. Heidi Weng og fleire andre løparar ga uttrykk for det same etter OL-femmila i Val di Fiemme.
– Berre tull, meinte Weng.
– Eg tykkjer det er like idiotisk eg og. Tre mil er langt nok i massevis, og avstandane blir jo enorme uti der, sa Karoline Simpson-Larsen.
Og løpet viste vel strengt tatt at mange av dei som stilte til start ikke var kvalifiserte til å gå så langt. Det skal ikkje vere sytten minutt mellom første- og tjuandeplass, uansett kjønn og distanse. Og i alle fall ikkje seks minutt mellom gull og bronse, slik det var på årets OL-femmil.
Femmil for kvinner vart første gong gjennomført i meisterskap under VM i Trondheim i fjor. På eit føre som grensa til det uforsvarelege, vart det spurtoppgjer mellom tre løparar. Men forskjellane vidare nedover på lista var også da urovekkande store.
Eg meiner dei to forsøka seier sitt. Altfor få løparar har kapasitet til å hevde seg. Da blir 50 km eit dårleg utstillingsvindauge for damelangrenn. Det er inga skam å snu, og heller ikkje noko nederlag for likestillinga å gå over til 30 km som lengste distanse for damene.
Når det er sagt, kan ein jo ikkje bli anna enn imponert over kor fort desse kvinnene går – også på femmila. Og da tenker eg på absolutt alle som er med. I Val di Fiemme vart Justine Gaillard nummer 32 og sist blant dei som fullførte. Ho vart slått av vinnar Ebba Andersson med nesten 29 minutt. Mykje? Prøv det den som vil, seier eg berre. Så kan vi snakkast etterpå.
Når vi er inne på store tidsdifferansar, kjem eg til å tenke på dei verkeleg gamle dagars 50 km. Under OL-femmila i Chamonix I 1924 var differansen mellom første- og sisteplass – 21 løparar fullførte – på to timar og tre kvarter. Polakken Szczepan Witkowskivar var ute i løypa i nesten seks og ein halv time.
Dårlege løyper med enorme høgdeforskjellar, primitivt utstyr og alt frå smelta grammofonplater til ørevoks og sild under skia, skapte kolossale utslag. Eg har lese om femmilsløparar som låg så mykje som eit kvarter etter teten ved fire mil, men som likevel vann. Dei tok ein skikkeleg pause, åt seg mette og smurte om. Slikt gjorde underverk for både mann og ski.
For hundre år sidan hadde ingen høyrt om kvinnelangrenn. I dag er damene like store stjerner som dei mannlege løparane. Det vil dei framleis vere, også om det blir sett ein strek over femmilsseksperimentet.