Ein stinkande søppelplass full av sjikane, injurier, løgn, dumskap og ekstreme standpunkt

Sosiale medier og kommentarfelt skulle bidra til å senke terskelen inn i det offentlege ordskiftet, slik at alle kunne få delta. Ja, det var sjølvaste demokratiet som på denne måte ville blir styrka. Trudde vi.

Men resultatet vart noko heilt anna.

Sosiale medier har mykje bra ved seg. På sitt beste er dei brubyggarar som bidreg til vennskap, nye relasjonar og auka forståing mellom oss menneska.

Men det finst ei anna side. Når det kjem til debatt, nesten uansett kva emnet er, er resultatet katastrofalt. Det som skulle vere ein arena for fri meiningsutveksling, har vorte ein stinkande søppelplass full av sjikane, injurier, løgn, dumskap og ekstreme standpunkt.

Mange av politikarane våre brukar sosiale media for å kommunisere med folket. Statsminister Jonas Gahr Støre er ein flittig brukar av Facebook. Av og til tenker eg: At han orkar!

For nesten uansett kva statsministeren ytrar seg om, blir han møtt med ein tsunami av utskjelling og konspirative skuldingar. Ord som kjeltring og landssvikar sit laust. Nyleg såg eg at statsministeren vart omtala som Judas Quisling Støre.

I helga la Støre ut ein snutt og nokre bilde frå tryggingskonferansen i München. Det han skreiv var dette:

«Jeg er på sikkerhetskonferansen i München. Det er særlig tre ting jeg jobber med her:
1. Å fortsette arbeidet for en varig fred i Ukraina.
2. Å snakke med USA, blant dem utenriksminister Marco Rubio og kongressmedlemmer, om våre felles sikkerhetsinteresser, ikke minst i nord.
3. Å møte med europeiske ledere, fordi tettere samarbeid med våre naboer i Europa er enda viktigere i denne urolige tiden.
Det er en krevende sikkerhetspolitisk situasjon. Da må vi stå sammen med våre venner. Det er avgjørende for Norge og for trygghet for landet.
Jonas»

Ei hyggeleg og opplysande helsing heim, vil eg seie. Men dette var meir enn nok til å skape fyr i teltet. Nettroll, ekstremistar og dumskallar kraup ut av hulene sine og greip til tastaturet. Innlegget nærmar seg 850 kommentarar – mange av dei på eit heilt sjokkerande nivå, ikkje minst med tanke på at desse menneska her faktisk vender seg direkte til statsministeren under fullt namn.

For dei som måtte vere interessert, har eg samla eit knippe med Facebook-ytringar til den norske statsminsteren etter besøket i München (eg har ikkje gjort noko med rettskrivinga til desse språklege amøbene):

– Driver du enda og flyr rundt omkring og slipper ut CO2 ,har du ikke mer enn nok å gjøre hjemme med alle de korrupte arbeiderparti folkene,men som den arrogante og overlegne mannen du er,så gjelder det vel verken deg eller dine ,god samvittighet dere.. skam dere.
– Bedre om du holder deg borte fra nazistene der,men dere føles vel som nær familie.
– Håper du har lagt igjen lommeboka vår hjemme.
– Er nok lurt å reise bort mens «det norske hus» brenner ned. Kanskje aktuelt å se rundt seg i kontorlandskapet hvem som løper rundt med fyrstikker? Er nok ikke «piken med svovelstikkene» denne gangen?
– Mens skoler helse og arbeidsplasser legges ned .deler idioten ut millioner til annet. Det er null styring i kamerat klubben
– Skal du tømme Norge for mer penger? Hvor bygger du deg palass?
– Når skal du begynne å jobbe for Norge og dem som sliter her i landet?
– Du skal vel stå der å ljuge dem huden full også. Som du gjorde m norske befolkning under valget.
– Så han er i Italia og ser på OL.. regner med han betaler reisen selv.
– Han sitter sikkert å skryter hvor ærlige vi er i Norge, han lover helt sikkert at landssvikere og korrupte ledere ikke finnes i Norge.

Jonas Gahr Støre rakk også ein kjapp tur til Val di Fiemme etter konferansen i München. Der fekk han mellom anna med seg dobbeltsigeren i hopp stor bakke for kvinner. Under eit bilde av statsministeren saman med Anna Odine Strøm og Eirin Maria Kvandal flyt kloakken fritt:

– Hva gjør Statsministern der nede, betaler han reisen selv?
– Støre ødelegger bilde
– Han Lure Støre viste ikke forskjellen på Finnmark og Nordland.. uskolerte fjott
– Han er flink til å sole seg i glansen….hva koster forresten OL bekledningen ? Gaven blir vel innberettet ?
– Sponsa med klær å ja.Betaler ikke for noen ting den karen der.
– Og kleptomanen speiler seg i glansen av norske utøvere. Om det blir krig kom orke å kjempe for han?

No skal det leggast til at dei to trådane eg har henta desse døma frå også innheld mange hyggelege og konstruktive kommentarar. Men dessverre er det driten som dominerer.

Sosiale media kunne ha vore ein framifrå reiskap til å minske avstanden mellom dei som styrer og oss som blir styrt. Men så lenge nettrolla regjerer på arenaen, blir det ikkje slik. Folk flest held seg unna i stille resignasjon – eller ein svært berettiga frykt for å bli utskjelt.

Kommentarfelta skulle styrke demokratiet. I staden vart dei ein fristad for dei som foraktar både demokrati og folkeskikk.

Kommenter innlegget