
«Og da e det stora, og da e det glupa,
at Merkje det staor um bæraren stupa.»
Linene er henta frå Per Sivle sitt dikt «Tord Foleson». Diktet handlar om slaget på Stiklestad, og er ein hyllest til dei som ofrar seg og utviser heltedåd i strid.
Når formannskapet i Surnadal no har vedteke å fjerne bysta av Hans Hyldbakk, samstundes som merket der det første verset av Surnadalssongen er innrissa får stå, kan Sivle sine ord med rette brukast også i denne samanhengen.
Hyldbakk trødde feil. 25 år etter at han døydde, stupa Kleivakongen ein gong til. Eg treng ikkje å meine noko om korleis saka har vore handtert, utanom at eg er sikker på at alle involverte har gjort sitt beste i ein svært krevjande og uoversiktleg situasjon.
Formannskapet sitt vedtak om å la sokkelen leve vidare framfor kommunehuset, vil eg kalle ei klok avgjerd. Når det gjeld sjølve bysta, meiner eg likevel at ha ho med fordel kunne ha vore plassert på Kleiva. Men det er ei anna sak.
Det som har kome fram om overgrep må takast på djupaste alvor, noko som også har vorte gjort. Merket utan byste på toppen er eit viktig signal om at politikarane ønsker å skilje mellom person og livsverk.
Slik må det vere framover. Kunsten til Hans Hyldbakk, saman med det enorme lokalhistoriske arbeidet som står att etter han, er ein skatt som har krav på respekt, vern og publisitet.
Merket lyt få stå.